fredag 14. mars 2014

Salme 40,10-12

10 Eg forkynte rettferd
          i den store forsamlinga.
          Eg heldt ikkje att mi tunge,
           Herre, du veit det.


Salmisten er ein forkynnar, og han har forkynt rettferd i den store forsamlinga. Den som skal forkynna, må forkynna rettferd, det er viktig. Kva er det? Frelse frå synd, lækjedom for sjukdom, fridom frå demoniske makter  og ein kjærleg og sann levemåte. Rettferd handlar om å reparera alt som djevelen har øydelagt for oss menneske, til Guds opprinnelege standard. 
Kven er det som forkynner rettferd? 
Først og fremst Jesus. Han forkynte på krossen at "alt er ferdig". Kva var han ferdig med? Frelsesverket. Guds frelse er gjennomført, og det må proklamerast for alle menneske slik at dei utan skam, frykt og vanære kan overgje liva sine til Gud.

    11 Di rettferd heldt eg ikkje skjult i hjartet,
          eg tala om din truskap og di frelse.
          Eg løynde ikkje di miskunn og di sanning
          i den store forsamlinga.


Ve meg om eg ikkje forkynner evangeliet, skriv Paulus. Å kjenna Guds frelse og halda denne skjult er svik. Ikkje noko mindre enn det. Difor held salmisten fram at DET hadde han i alle fall ikkje gjort. Han hadde trufast overgjeve Guds sanningar og Guds miskunn til "den store forsamlinga" , som her er eit uttrykk for Israels barn.
       
   
12 Herre, du vil ikkje
          halda di miskunn tilbake.
          Din truskap og di sanning
          skal alltid verna meg.



David er sikker på at Gud er god og vil ta vare på han, og han berre proklamerer det i dette verset. Gud er trufast og vil halda løftene sine, ingen grunn til å tvila på det, og Guds sanning, som er Guds ord, er verdas beste konserveringsmiddel når det kjem til dette med høve mellom menneske og Gud.
         

Ingen kommentarer: