torsdag 28. mars 2013

Salme 33,16-22


  16 Kongen blir ikkje redda av stor styrke,
          stridsmannen blir ikkje berga av stor kraft.
        
   
 17 Hesten gjev falske voner om hjelp,
          med sin store styrke bergar han ingen.
        
   
 18 Men Herrens auge kviler på dei
          som fryktar han og ventar på hans miskunn,
        
   
 19 så han kan fria dei frå døden
          og halda dei i live gjennom hungersnaud.
        
   
 20 Vår sjel ventar på Herren;
          han er vår hjelp og vårt skjold.
        
   
 21 Vårt hjarte gleder seg i han,
          vi set vår lit til hans heilage namn.
        
   
 22 Lat di miskunn vera over oss, Herre!
          Det er deg vi ventar på.


v.16-17 handlar om krig. Israel kunne  ikkje stola på si militære slagkraft med tanke på siger. Dersom ikkje Herren slost for dei, var dei fortapte.  I vår kontekst, i den nye pakt,  handlar det om den kosmiske åndelege konflikten me står i mellom Gud og djevelen. For livet med Herren er eit liv i felt. Den som vil vera kristen utan å vilja  strida for og saman med Jesus, har hamna feil. Kristenlivet er ein krig mot djevelen der målet er å frigjera menneske som han har fanga i si makt. Men i denne striden duger ikkje vår eiga kraft og kløkt. Stolar me på oss sjølve, på våre eigen kapasitet, på våre eigne strategiar og  verkemidlar, kjem me fort på vikande front. 

Korleis skal me så kjempa? Svar: I tru. Korleis gjer me det? vers 18, 20 og 22  svarar: ved å venta på han. I Jesaja 28,16 les me at "den som trur har inga hast." 

Å venta på Herren er ingen usikker sak. Han er trufast og kjem til oss med den hjelp me treng til rette tid. Korleir ventar me på han? Me ventar aktivt ved å lova og prisa han, og ved å be til han. Dette er demonstrert i Apostelgjerningane 1. Jesus hadde sagt at apostlane og dei første truande kirstne skulle venta på Guds kraft frå himmelen før dei starta med å forkynna evangeliet for alle. Då samla dei seg kvar dag på "øvresalen" i Jerusalem til lovsong og bøn, og etter 10 dagar fall Anden på dei.

Slik skal me også venta AKTIVT på at Gud skal koma og føra striden for oss med si kraft, og då samlar me oss for å prisa og takka han og vera glade saman, og be om at hans miskunn skal vera over oss og at Andens kraft skal koma over oss. Så vil det skje. 

Å tena Gud i hans kraft og å gjera det i eiga kraft er som dag og natt. Det er to ulike fenomen. Det vil den merka som har vore med på begge deler. 

Ingen kommentarer: