torsdag 14. mars 2013

Salme 32,8-9

 8 Eg vil gjera deg vis og læra deg
 den vegen du skal gå,
          eg vil la mitt auge kvila på deg
          og gje deg råd.
       
   
  9 Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit!
          Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med,
          elles kjem dei ikkje til deg.


v.8 Det er Gud som talar her. Gud er klok, og han formidlar klokskap til sine trugne. Kva er klokskap? Det er å å på hans vegar. Intelligens er ikkje det same som klokskap, og dersom folk me høg IQ ikkje går på Guds vegar, kallar Gud dei for dårar. 

Det hebraiske ordet for å læra er "yarah". Det betyr å skyta beint og treffa målet. Gud har eit overordna mål med liva våre. Dette formidlar han til oss gjennom ordet sitt.  Dersom me bommar på dette, syndar me.  Denne delen av verset handlar altså om å leva rett etter Guds ord. 

Guds råd (hebraisk "ya`as") derimot tyder rettleiing i konkrete situasjonar. Det handlar om Andens leiing gjennom syner, draumar, profetiar, audisjonar, bilete eller umiddelbar indre overtyding om kva som er rett og tenleg å gjera. I Romarbrevet 8 les me at "dei som vert drivne av Guds ande, er Guds barn". Og Jesus seier i Johannes 10: "Mine sauer høyrer mi røyst." 

Gud vaker over oss. Han har auga sitt på oss. Det må me tru. Gud er årvaken, som ei mor eller ein ein far er det i tider då barnet treng det spesielt. Gud har full oversikt, og når han gjev råd, er det kvalifiserte råd, gode råd, basert på kunnskap og omsorg. Det er ingen risiko med å følgja råda hans, sjølv om det kan sjå slik ut frå vår synsvinkel.

v. 9: Gud vil at me skal følgja han friviljug utan tvang. Det har han glede av. Men me gjer ikkje alltid det. Profeten Jonas er vel det beste døme i Bibelen på ein som Gud måtte tvinga til å gjera det han hadde fått beskjed om. Han var som ein hest som Gud måtte styra med taumar og beksel. Det hender i våre dagar også at Gud tvingar folk på plass. Å tenkja slik er imot vår inngrodde humanistiske filosofi om at me har fri vilje og at Gud gjev oss frie val. Då Paulus møtte Jesus utanfor Damaskus, får me vel seia at Gud nærast tvang han inn i sitt rike, og mange vil nok også i dag vitna om at dei har vore utsette for denne Guds tvang, og dei seier gjerne: Hadde det ikkje vore for dette, ville eg aldri ha funne Gud, blitt frelst eller gjort det rette. Men det ideelle for Gud er at hans trugne les Ordet, lyttar til Anden og umiddelbart gjer det som Gud formidlar til dei. Då blir det fortgang i Guds gjerningar. 


Ingen kommentarer: