Viser innlegg med etiketten krig. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten krig. Vis alle innlegg

torsdag 30. april 2026

Salme 144

David startar med å lovprisa Herren, som lærer han å føra krig. 
I lys av dette ordet er det underleg at paven i Rom nyleg slo fast at Gud ikkje ville høyra bønene til dei som fører krig. Også i dag er det nokon som fører rettferdig krig definert som forsvarskrig og krig for å stoppa t.d. folkemord. 

At Herren er hans berg illustrerer at Herren er overlag mektig og sterk.David var ein krigarkonge, og i laupet av hans 40-årige regjeringstid, vart Israel betydeleg utvida. På den tid eksisterte det inga fredsrørsle, og krig mellom folk var vanleg og medrekna. 

For oss kristne i nytestamentleg tid handlar det om å utvida Guds rike på jord ved hjelp av mektige åndelege våpen som bryt ned motstanden mot Gud i folks hjarter. Me kjempar med Guds ord, bønna og gode gjerningar. Det er ein annan type krig, ein krig mot åndsmakter som bind menneska til djevelen. Ingen kan føra denne kampen godt utan opplæring.  

Vers 2 innheld ei herleg vedkjenning. Gud er Davids miskunn, borg, vern, utfriar og skjold. Den som kan seia dette om Gud har alt han eller ho treng. For det er dette Gud er for sine barn. Dersom du har samfunn med Gud gjennom Jesus, eig du Guds godhug, tilgjeving frå alle dine synder, vern mot djevelen og hans englar, og du trakkar djevelen under føtene dine og driv han på flukt, ikkje berre frå deg sjølv, men frå alle dei du vinn for Kristus. 

v.3-4. Me vinn ikkje over dei vonde kreftene i verda ved vår menneskelege styrke. For den er liten. Me er berre som ein pust, som ein skugge utan substans. 

v.5-6. Me er avhengig av at Gud stig ned til oss og utøver si makt på sitt vis, her i salma skildra som skremmande naturfenomen som vulkanisme og mektige lyn, det som teologane kallar "teofani". Verset minnar om det som hende på Sinai då Gud gav Israel lova si. Det var mykje lyn og torden då også, og det gjorde folk veldig redde. Når Gud stig ned til oss og fortel menneska kva som er rett og kva han krev av dei, kan han vera ganske tydeleg. Det fell det frykt på syndarar, og dei kastar syndene frå seg og spring til Jesus. Dette kallar me kristen vekking. Slik frelser Gud folk og nasjonar. 

I v.7-8 ber salmisten om å bli frelst frå fiendane sine ved at Gud rekker ut handa si som ein far for å løfta barnet sitt opp og ut av den farlege situasjonen. Vers 8 markerer at dette er ein ideologisk og rettsleg kamp om sanninga, slik som me ser så mykje av i våre dagar, ikkje minst i engelske rettssalar der kristne gatepredikantar må kjempa for ytringsfridomen sin kvar einaste veke.

v.9-10 skildrar triumf. Kongen har sigra, og syng ein ny song for Herren. 

v.11 er ein repetisjon på ting som er sagt før.

v.12 skildrar ungt leiarskap. Det er ikkje mindre enn fantastisk når ungdomane våre blir som høgvaksne planter i Guds hage, og som beresøyler i hans palass, som er metaforar på Guds kyrkje. Når unge står fram som leiarar oppreist og utrusta av Gud, ser framtida lys ut for kyrkja. 

v.13-14 skildrar rike tider, tider med velsigning då det er rikeleg med mat i Gud hus, og sauene (dei kristne) reproduserer seg. Vekkingstider dette. 

v.15 er ein slags konklusjon der salmisten gjev Herren ære for alt, og markerer at den største velsigninga er ikkje alle velsigningane, men Herren sjølv. Dei som har Herre til Gud, er dei rikaste menneska som eksisterer. 


 

torsdag 28. mars 2013

Salme 33,16-22


  16 Kongen blir ikkje redda av stor styrke,
          stridsmannen blir ikkje berga av stor kraft.
        
   
 17 Hesten gjev falske voner om hjelp,
          med sin store styrke bergar han ingen.
        
   
 18 Men Herrens auge kviler på dei
          som fryktar han og ventar på hans miskunn,
        
   
 19 så han kan fria dei frå døden
          og halda dei i live gjennom hungersnaud.
        
   
 20 Vår sjel ventar på Herren;
          han er vår hjelp og vårt skjold.
        
   
 21 Vårt hjarte gleder seg i han,
          vi set vår lit til hans heilage namn.
        
   
 22 Lat di miskunn vera over oss, Herre!
          Det er deg vi ventar på.


v.16-17 handlar om krig. Israel kunne  ikkje stola på si militære slagkraft med tanke på siger. Dersom ikkje Herren slost for dei, var dei fortapte.  I vår kontekst, i den nye pakt,  handlar det om den kosmiske åndelege konflikten me står i mellom Gud og djevelen. For livet med Herren er eit liv i felt. Den som vil vera kristen utan å vilja  strida for og saman med Jesus, har hamna feil. Kristenlivet er ein krig mot djevelen der målet er å frigjera menneske som han har fanga i si makt. Men i denne striden duger ikkje vår eiga kraft og kløkt. Stolar me på oss sjølve, på våre eigen kapasitet, på våre eigne strategiar og  verkemidlar, kjem me fort på vikande front. 

Korleis skal me så kjempa? Svar: I tru. Korleis gjer me det? vers 18, 20 og 22  svarar: ved å venta på han. I Jesaja 28,16 les me at "den som trur har inga hast." 

Å venta på Herren er ingen usikker sak. Han er trufast og kjem til oss med den hjelp me treng til rette tid. Korleir ventar me på han? Me ventar aktivt ved å lova og prisa han, og ved å be til han. Dette er demonstrert i Apostelgjerningane 1. Jesus hadde sagt at apostlane og dei første truande kirstne skulle venta på Guds kraft frå himmelen før dei starta med å forkynna evangeliet for alle. Då samla dei seg kvar dag på "øvresalen" i Jerusalem til lovsong og bøn, og etter 10 dagar fall Anden på dei.

Slik skal me også venta AKTIVT på at Gud skal koma og føra striden for oss med si kraft, og då samlar me oss for å prisa og takka han og vera glade saman, og be om at hans miskunn skal vera over oss og at Andens kraft skal koma over oss. Så vil det skje. 

Å tena Gud i hans kraft og å gjera det i eiga kraft er som dag og natt. Det er to ulike fenomen. Det vil den merka som har vore med på begge deler.