lørdag 5. mai 2012

Salme 22,7-12

 7 Men eg er ein makk og ikkje ein mann,
          spotta av menneske, forakta av folk.
        
   
 8 Alle som ser meg, håner meg,
          vrengjer leppene og rister på hovudet:
        
   
 9 «Han har gjeve seg over til Herren,
          lat han fria han ut og berga han,
          han har då glede i han!»
        
   
10 Du drog meg fram frå mors liv,
          du gjorde meg trygg ved hennar bryst.
        
   
11 Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg,
          frå mors liv er du min Gud.
        
   
12 Ver ikkje langt borte frå meg,
          for trengsla er nær,
          og det finst ingen som hjelper.


v.7-8: Her er Jesus inne i sine mørkaste timar på jorda. Folk spottar og mobbar han. Han kjenner seg behandla som om han skulle vore ein makk og ikkje ein mann. Alle hånar han, ropar stygge ting til han (vrengjer leppene) og rister på hovudet, eit sterkt  negativt kroppsspråk, og dei seier i vers 9 at no kan jo berre Gud koma å fri han ut, dersom han har glede i han. Men visst ikkje, så kan ikkje Gud ha glede i han. 


Mobbarane skjøna ingenting av at det var for deira skuld han leid, og at han difor måtte stå løpet ut og berre vera i denne elden. På det minste vink frå Jesu side, ville Far ha sendt tusenvis av englar for å fria Sonen sin frå liding og død, men dette vinket kom aldri. Så høgt er me elska av Jesus.


v.10-11. Her ser Jesus attende på livet sitt, heilt tilbake til fødselen og barneåra, og syner at han heilt frå først av  har vore under Guds trufaste omsorg.


(I ein parentes vil eg her seia: Når me døyper barn i dag, kastar me dei på Gud og overlet dei til han. Det er mange tekstar i Bibelen som fortel oss at småbarn er fullverdige menneske i Guds augo, med dei same rettar på hans nåde som vaksne har, og difor har dei same rett på Guds ord, dåp og nattverd som tilfelle er for vaksne. I Skrifta er det aldri nemnt at barn bør bli vaksne før dei får del i Guds rike, men det nemnt at vaksne må bli som barn.)

I vers 12 ber Jesus om at Gud må vera nær han når han har det vanskeleg og ikkje han nokon annan hjelpar. Slik var det då han hang på krossen. Han var absolutt åleine, og sjølv om han bad varmt for seg, måtte Jesus gjennom dødsskuggens dal heilt åleine. 

Men det slepp dei truande. Når me barn kjem dit, står Jesus og ventar på oss for å guida oss gjennom.  Han hadde ingen hjelpar, men han er sjølv vår hjelpar. Ære vere hans namn, 


Takk Herre Jesus for at du gjekk gjennom dom og død heilt åleine for vår skuld, og at du difor vil  vera med oss gjennom døden og domen, og på den siste dag gå god for oss hos Gud. Me ærar deg for din kjærleik og di forsoning. Amen.



Ingen kommentarer: