tirsdag 26. juni 2012

Salme 22,13-19


v. 13: "Store oksar" er mektige menn. Messias trugar dei sterke si makt, difor går dei saman for å knekka han. Øvsteprestane, det høge rådet, dei skriftlærde, Herodes og Pontius Pilatus slo seg saman mot Jesus. I dag skjer det same overfor hans kyrkje i store deler av verda. Talet på martyrar berre aukar.


v.14: Desse mennene prøver å skremma Messias til å teia. Og han blir veldig redd. I vers 15 seier han at han kjenner seg uttømt, at beina hans er ute av stilling (eit uttrykk for stor indre smerte), at hjarta hans er som smelta voks, og me tenkjer på Jesu sjelekamp i Getsemane då han var så redd at sveitten draup som blod.


v.16 skildrar fysiske fenomen som skjer med folk når redsla er så stor som her, ein tørkar opp i munnhola. 
Salmisten kjenner at døden nærmar seg. 


v.17: Hundane er eit bilete på rovtørste menneske utan samvit. Når hundar og ulvar har fått jaktinstinktet vekt, er det fullt fokus på offeret, alle andre omsyn må vika. Då Jesus skulle drepast, vart all tanke på lov og rett og på medmenneskelegdom sett til side. Slik er det også i vår tid når kyrkja vert forfølgd. Det er berre om å gjera å levera resultat utan å gje rom for omtanke og ettertanke. 


Siste del av vers 17 og fram til vers 19 skildrar Jesus på krossen. Dei gjennombora hendene og føtene hans. Hendene som hadde lækt og velsigna så mange. Føtene som hadde gått så mange mil for å finna og frelsa fortapte. 


På krossen hang Jesus til spott og spe for alle og einkvar. Naken mellom himmel og jord, ribba for verdigheit, utstrekt slik at alle kunne telja beina hans, og dei kasta lodd om kleda hans. 


Slik handsama verda Gud, og slik vil ho alltid handsama han når han kjem nær og krev omvending, tru og konsekvens, og kan dei ikkje forfølgja Gud sjølv, tek dei kyrkja.

Ingen kommentarer: