onsdag 27. juni 2012

Salme 22,20-27

v. 20-22: Dette avsnittet er ei bøn om utfriing. Messias ber om at Gud må vera nær han. No veit sjølvsagt salmisten av Gud er nær over alt til alle tider. Men Bibelen snakkar om to typar nærvær: både det at Gud faktisk ER nær overalt, for det er han, men også det at han SYNER seg for folk og gjer mektige gjerningar der dei er, det me på fint kan kalla for hans manifisterte nærvær. Det er det salmisten ber om her. Han ønskjer så inderleg at Gud skal gripa inn i livet hans og berga han frå alle som vil han vondt; hundar, løver og oksar, som han kallar dei, folk som bit og som overkøyrer, sjølvsikre vinnarar i ei verd utan miskunn.

Og han får svar. Korleis svara Gud sin Messias, og vår Jesus? Ved å reisa han opp frå dei døde og setja han over alle makter og herredøme, både dei som er i himmelen og dei som er på jorda, og han er sett til å vera dommar både over levande og døde.

Men før den endelege domen, må hans vidunderlege siger forkynnast for alle folkeslag.

Difor held han fram i v. 23, og dette verset markerer ein snuing i salma (fram til vers 19 var det klage, vers 20-22 ei bøn), resten er berre triumf.

v.23:  Han vil proklamera, eller forkynna Guds namn for brørne sine. Å forkynna Guds namn er å fortelja folk at Gud er den einaste Gud, at han er personleg, at han vil ha personleg kontakt med oss, og at me får det når me kallar på han.

v.24: Å frykta Gud er å kalle på han, koma til han og underordna seg hans ord i alle ting. Dei som gjer det, kan prisa og lova han for tilgjeving, barnekår og evig liv, og bør gjera det.

v.25: Gud snudde seg ikkje bort frå Jesus meir enn for ei stund. Etter tre timar i det djupaste mørkret, kunne Frelsaren leggja ånda si i Fars hender og bli hjarteleg motteken. Det blir alle elendige menneske som kjem til Gud i tru på Jesus. Når dei ropar til han, høyrer han.

v.26: Salmisten er oppslukt av Gud, og vil prisa han i den store forsamlinga. Tenk om dette var alle kristne sitt vitnemål, tenk om alle var fylt av kjærleik til Gud, då ville det blitt innhaldsrikt når me kom saman til gudstenester og  møter.

Han vil halda løftene sine, seier han. Kva hadde han lova Gud? Tilbeding og lovsong. Tilbeding og lovsong er ikkje berre spontane ytringar, det er ting me bestemmer oss for å gjera, ofte og etter plan.

v.27: Pga Jesu offer, og det at han tilber Far gjennom si kyrkje, opnar dei truande sitt  hjarta for dei fattige slik at dei kan eta seg mette, og dei vil søka Gud fordi nokon var god mot dei, og dei vil lova og prisa Far for frelse og evig liv.


Ingen kommentarer: