fredag 4. mai 2012

Salme 22,1-6

Til korleiaren. Etter «Morgonròdens hind». Ein salme av David.
         
   
 2 Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?
          Kvifor er du så langt borte
          når eg treng hjelp og skrik ut mi naud?
         
   
 3 Min Gud, eg ropar om dagen, men du svarar ikkje,
          eg ropar om natta og finn ikkje ro.
         
   
 4 Men du er Den heilage,
          som tronar over Israels lovsong.
         
   
 5 Til deg sette fedrane si lit,
          dei leit på deg, og du fria dei ut.
         
   
 6 Dei ropa til deg og vart berga,
          dei leit på deg og vart ikkje til skamme.


Salme 22 handlar om Jesu liding og død. Ingen av salmene er sitert så ofte i NT som denne. 

Vers 2-3 er tittelen: "Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?"  Då Jesus hang på krossen, bad han denne salma. Det var David som skreiv henne, men han såg framover til Jesu liding og død, det verkar rett og slett som om han såg det visuelt, og då Jesus hang på krossen, hende nett det som er beskrive i salma.


På krossen var Jesus fullstendig isolert frå Gud sin Far. Dette kan ikkje me forstå. Men det som hende på krossen var at Gud var i Kristus og forsonte verda med seg sjølv ved å straffa Sonen sin med den straff som var tiltenkt oss. Det vart eit mareritt for Jesus. Han skreik ut i si naud, men til inga nytte. Han var fullstendig åleine under Guds dom over alle menneskes ugjerningar. Det var ein tøff bit å gå for Guds son. 


v. 4 Jesus hevar seg over si eiga liding og prisar Gud som Den heilage som tronar på Israels lovsongar. 
Dette er viktig lærdom. Der Gud rår, skjer det under. Kor rår Gud? Der menneska takkar og prisar han. Han tronar på lovsongane våre. Der folk prisar Gud, skjer det under. Israels lovsongar er det same som Salmane. Dei er fine å be. Salmane var Jesus si bønebok, og Gud regjerte i og gjennom livet hans.


v. 5 Fedrane er Abraham, Isak, Jakob og mange andre. Dei trudde på Gud, sette si lit til han, og han fria dei ut. Korleis erfara fridom frå synda, djevelen og dei problema som verda påfører oss? Ved å tru på Gud og hans dyrebare ord. Trua på Gud er nøkkelen til alt godt.


v. 6 Folk som stolar på Gud, ropar til han i si naud. Dei vert ikkje skuffa. Dei som ropar til Gud, vert berga. Det seier Ordet, og det er Ordet som gjeld. 


Gode Gud! Du som tronar på Israels lovsongar, legg din lovsong ned i hjarta mitt og i munnen min, slik at eg kan prisa deg rett, og du kan regjere i og gjennom livet mitt. Takk at du gjennom di liding forsonte meg med Gud, og fordi du aldri let meg bli til skamme når eg ropar til deg. Amen!

 

Ingen kommentarer: