7 ז Den hjelpelause ropa, og Herren høyrde,
han frelste han frå alle trengsler.
8 ח Herrens engel slår leir
rundt dei som ottast han.
Han friar dei ut.
9 ט Smak og sjå at Herren er god!
Sæl er den som søkjer tilflukt hos han.
10 י Frykt Herren, de hans heilage!
Dei som ottast han, lid inga naud.
11 כ Unge løver lid naud og svelt;
men dei som søkjer Herren,
manglar aldri det som godt er.
v.7 er eit personleg vitnemål. David sine problem var uoverkommelege. Den einaste vegen som var fri for han var vegen oppover, mot Gud. Difor ropa han til Gud, dvs han bad i stor affekt, og Herren høyrde han og frelste han. Gud grip alltid inn og hjelper når fortvila menneske overgjev saka si til han.
v.8 går nærare inn på kva som skjer når Guds barn er i naud: Herrens engel, dvs Herren sjølv kjem til dei og omsluttar dei og vernar dei på ein spesiell måte, og så friar han dei ut. Problema kan gjerne dra ut i tid. Men Guds hjelp kjem med ein gong, først som vern, så med utfriing. Ingen må tenkja slik at hjelpa ikkje kjem før ein vert utfridd. Nei, Guds vern kjem med ein gong. Gud reagerer momentant når hans barn ropar i si naud. Han kjem og dekkar dei med seg sjølv. Dette må me gripa i tru.
v.9: Når tidene bli slik, er det for at me skal få smaka på Gud. Det hebraiske ordet for smaka, "ta`am", tyder i overført meining "oppøvd dømekraft". Den som gjennom vanskelege tider har fått eit oppøvd sinn, er blitt ein åndeleg "finesmecker". Han/ho veit korleis Gud smakar, og har lært seg å skilja Gud frå ting som berre likna på han. Dei har erfart og kjent hans godleik i sjela, og etterpå kan dei ikkje få nok av han, og dei går alltid til han, vil vera hos han, ta han inn med alle sansane sine. Det er dette som er å "søkja tilflukt hos han." Det går på det nære personlege fellesskapet med han.
I vers 10 vert alle heilage igjen oppfordra til å ottast Herren, dvs lyda han i alt han seier til oss. Då vil me ikkje mangla noko. Held me hans bod, då får me framgang der me ferdast, og alt skal lukkast for oss (Josva 1,7).
v.11: Unge løver er unge menn som stolar på si eiga kraft. Dei vil lida naud. Alle møter til slutt grensene sine. Men Gud sørger for dei som søkjer han, dvs lever i bøn og fremjar hans interesser i verda. Å søkja Gud er eit fint uttrykk. Det skildrar retninga på ein kristen sitt liv. Det handlar alltid om Gud. Det er hans fellesskap som er viktig og hans interesser som tel. Dei fleste menneske søkjer berre sitt eige. Dei er autonome og styrer liva sine sjølve, er sine eigne gudar. Men dei heilage søkjer Gud og lever for å realisera hans planar og draumar i verda. Dei manglar aldri det som godt er. Dei vil alltid ha det dei treng av jordiske goder, og i tillegg har dei jo linka seg til Gud med alle dei ressursane han rår over. Det er ei vinnaroppskrift.
På denne bloggen vil eg gå gjennom og kommentera ein del bibelske tekstar vers for vers. Bibelen er basis for den kristne trua, og det kristne livet, og alt me tenkjer, gjer og besluttar må målast på det som står der. Ver med meg på denne reisa og lat deg inspirera.
søndag 7. april 2013
fredag 29. mars 2013
Salme 34,1-6
Av David, då han bar seg som galen hos Abimelek, så han vart jaga bort og gjekk sin veg.
2 א Eg vil velsigna Herren til alle tider,
alltid lovsyngja han med min munn.
3 ב Eg er stolt over Herren,
lat dei hjelpelause høyra det og vera glade.
4 ג Pris Herren saman med meg,
lat oss æra hans namn!
5 ד Eg søkte Herren, og han svara meg,
frå alt som skremde, berga han meg.
6 ה Vend blikket mot han og strål av glede,
så skal de aldri raudna av skam!
Salme 34 er ei tillitssalme med atrostisk oppbygging.
v.2: Salma startar med lovprisning. David vil lovprisa "til alle tider", uansett korleis tidene ser ut. På den tida salma vart til var David på flukt både frå Saul og Abimelek. Tidene var vonde. Likevel prisar han Herren, og vil halda fram med det.
v.3: Han er stolt over Gud. Det indikerer eit nær relasjon. Truande som lever langt frå Gud i hjarto sine, har lett for å skamma seg over trua si, og over seg sjølv. Men David levde nær til Gud og var ikkje flau. Kristne som lever slik, gjev styrke og glede til dei som er svake og vaklar i trua.
v.4 er ei dirkete oppfordring frå David til dei hjelpelause (i vers 2) om å prisa Herren saman med han. Det vil styrka også dei og gjera dei stolte over den Herre dei tilhøyrer og tener.
v.5 gjev oss bakteppet: David hadde opplevd herleg bønesvar då han var i stor naud og redsla hadde teke overhand. Då kom Gud til han og berga han. Slike bønesvar styrker trua og livet.
v.6 er ei oppfordring om å venda blikket mot Herren og halda det godt festa der. Då vil all flauheit og skamkjensle bli borte.

torsdag 28. mars 2013
Salme 33,16-22
16 Kongen blir ikkje redda av stor styrke,
stridsmannen blir ikkje berga av stor kraft.
17 Hesten gjev falske voner om hjelp,
med sin store styrke bergar han ingen.
18 Men Herrens auge kviler på dei
som fryktar han og ventar på hans miskunn,
19 så han kan fria dei frå døden
og halda dei i live gjennom hungersnaud.
20 Vår sjel ventar på Herren;
han er vår hjelp og vårt skjold.
21 Vårt hjarte gleder seg i han,
vi set vår lit til hans heilage namn.
22 Lat di miskunn vera over oss, Herre!
Det er deg vi ventar på.
v.16-17 handlar om krig. Israel kunne ikkje stola på si militære slagkraft med tanke på siger. Dersom ikkje Herren slost for dei, var dei fortapte. I vår kontekst, i den nye pakt, handlar det om den kosmiske åndelege konflikten me står i mellom Gud og djevelen. For livet med Herren er eit liv i felt. Den som vil vera kristen utan å vilja strida for og saman med Jesus, har hamna feil. Kristenlivet er ein krig mot djevelen der målet er å frigjera menneske som han har fanga i si makt. Men i denne striden duger ikkje vår eiga kraft og kløkt. Stolar me på oss sjølve, på våre eigen kapasitet, på våre eigne strategiar og verkemidlar, kjem me fort på vikande front.
Korleis skal me så kjempa? Svar: I tru. Korleis gjer me det? vers 18, 20 og 22 svarar: ved å venta på han. I Jesaja 28,16 les me at "den som trur har inga hast."
Å venta på Herren er ingen usikker sak. Han er trufast og kjem til oss med den hjelp me treng til rette tid. Korleir ventar me på han? Me ventar aktivt ved å lova og prisa han, og ved å be til han. Dette er demonstrert i Apostelgjerningane 1. Jesus hadde sagt at apostlane og dei første truande kirstne skulle venta på Guds kraft frå himmelen før dei starta med å forkynna evangeliet for alle. Då samla dei seg kvar dag på "øvresalen" i Jerusalem til lovsong og bøn, og etter 10 dagar fall Anden på dei.
Slik skal me også venta AKTIVT på at Gud skal koma og føra striden for oss med si kraft, og då samlar me oss for å prisa og takka han og vera glade saman, og be om at hans miskunn skal vera over oss og at Andens kraft skal koma over oss. Så vil det skje.
Å tena Gud i hans kraft og å gjera det i eiga kraft er som dag og natt. Det er to ulike fenomen. Det vil den merka som har vore med på begge deler.
Etiketter:
Andens kraft,
Israel,
krig,
venta,
øvresalen
torsdag 21. mars 2013
Salme 33,10-15
10 Herren skiplar rådet folka legg,
bryt planane folkeslag tenkjer ut.
11 Herrens råd står fast for alltid,
hans hjartans planar frå slekt til slekt.
12 Sælt er det folk som har Herren til Gud,
det folk han har valt til sin eigedom!
13 Herren skodar ned frå himmelen,
han ser alle menneske.
14 Frå sin bustad ser han ned
på alle som bur på jorda.
15 Han har forma deira hjarte,
alle deira gjerningar kjenner han.
v.10-11. Det som ligg under her er at folka legg planar mot Gud (jmf Salme 2), og at det er desse planane Gud skiplar og bryt opp. Me ser det i verda i dag at evangeliet har trange kår i mange land. Men Gud er likevel ustoppeleg. Hans planar om å la evangeliet om riket lyda som eit vitnemål for alle folkeslag står fast frå slekt til slekt. Difor går evangeliet fram over alt trass i motstand og forfølging.
v.12. Å vera Guds barn er den ultimate lukke. Slik er det om ein forstår det eller ikkje.
Folket som Gud har valt til sin eigedom er alle som har teke i mot Jesus, for det er dei som har barnerett hos Gud (Johannes 1,12).
v.13-14. Gud er ikkje fjern. Han har ikkje trekt seg tilbake. Interessert følgjer han kvart enkelt menneske med augo, levande oppteken av korleis det går med dei, alltid parat til å gripa inn om dei skulle be han om det.
v.15 At Gud har forma hjarto våre tyder at det er han som har gjeve oss personlegdom. At han kjenner gjerningane våre tyder at han følgjer nøye og interessert med på kva me held på med, og at han støttar det gode og dømmer det vonde.

tirsdag 19. mars 2013
Salme 33,5-9
5 Han elskar rettferd og rett,
jorda er full av Herrens miskunn.
6 Ved Herrens ord vart himmelen skapt,
heile himmelhæren ved pusten frå hans munn.
7 Han samla havvatnet som i eit kar,
la havsens djup i forråd.
8 Heile verda må frykta Herren,
alle som bur på jorda, må skjelva for han.
9 Han tala, og det skjedde,
han baud, og det stod der.
Vers 5 er ein slags dublett. Den andre linje forklarer den første, dvs. rettferd og rett handlar om miskunn. I Bibelen er rettferd utan godleik utenkjeleg. Rettferd er altså noko langt meir enn likebehandling. Det er å møta menneske med godleik. Det gjer Gud. Jorda er full av hans miskunn. Korleis skal me skjøna det? For det første: Gud let sola si skina over rettferdige og urettferdige. Han utøver ein dagleg omsorg overfor alle menneske og alle skapningar, ein omsorg som me kan kalla for FORSYN. For det andre har han sendt ut sitt evangelium om nåde og frelse i Jesus Kristus til alle folk nasjonar (Matt.28,18-20). For det tredje renner han ut Anden sin over alle menneske der evangeliet vert forkynt (Joel 3,1) slik at dei skal kunna smaka Guds godleik og leva i den himmelske dimensjon.
v.6-9 er full av god skapingsteologi.
v.6: For det første: Alt er skapt ved Guds ord. Han talte og han pusta og dermed framsto både materie og liv. Himmelen er universet. Himmelhæren er stjerner, planetar, månar, galaksar og mangt anna som er å finna der ute i djupnene av rommet. Men dette verset kan også handla om Guds himmel og englar (himmelhæren).
v.7 handlar om havet. Gud samla det på èin plass. Han skilte landjorda frå havet, les me i 1.Mos.1. Havet er eit trugsmål mot landlivet, og Gud har det under kontroll og set grenser for kor langt det kan eta seg inn på oss jordskapningar. Då syndfloda kom, vart desse grensene oppheva og livet gjekk til grunne. Men det kjem ikkje til å skje ein gong til. Det har Gud lova oss. Den siste og avgjerande domen over jorderiket kjem i form av eld.
v.8 Det er mykje frykt i denne verda, men lite gudsfrykt. Jesus seier at det er Gud me bør frykta, han som har makt til kasta både lekam og sjel i helvete. Å frykta Gud handlar om å vera redd for mista hans søte miskunn og det livet og fellesskapet han har gjeve oss ved trua på Jesus Kristus. Misser me det, har me tapt alt som har verdi utover dette livet.
Når me les om at alle bør "skjelva for han", er det eit uttrykk for at vår evige lagnad er i hans hender åleine. Han har det siste ord i våres alles liv.
Eikvar brur skjelv litt på bryllaupsdagen. Ho skal opp kyrkjegolvet for å møta brudgomen og etter alle solemerker få sitt JA.
Guds kyrkje er på veg mot sin brudgom. Ho skjelv litt, det skal ho gjera, når ho går fram for han for å få sitt endelege JA for så å gå inn til den store gleda.
v.9: Gud er stor, ja enormt stor. Han er større enn universet, og dei siste tiåra har me forstått at det rommet me lever i har dimensjonar langt utover det folk tenkte i gamle dagar. Stjernene me ser på himmelen er frå nokre få lysår til vel tusen lysår borte. Men dei er våre aller næraste naboar. Utanfor, millionvis av lysår borte, finn me milliarder på milliarder av galaksar kvar me mange milliarder stjerner, mange av dei mange gonger større enn vår eiga sol. Kven kan fatta slike dimensjonar. Svimlar det? Dette er Guds univers. Skulle me ikkje la oss imponera av Han, skjelva litt for Han som er langt større ann alt? Den må vera litt dum som ikkje skjelv ein smule for vår GUD og gjer alt han/ho kan for å stå på godfot med HAN. Difor er det me tek imot Jesus når me blir kalla til å tru på han, følgja han og leva for han. Me skulle ikkje våga noko anna. Det er jo GUD som kallar oss, han er jo den øvste autoritet, og det tek me på ramme alvor. Så pass respekt har me. Det skulle berre mangla.

mandag 18. mars 2013
Salme 33,1-4
Rop av fryd for Herren,
de rettferdige!
Det er rett at dei rettskafne
syng lovsong.
2 Pris Herren til lyre,
spel for han på tistrengja harpe!
3 Syng ein ny song for han,
spel vakkert og rop med jubel!
4 For Herrens ord er sant,
alt han gjer, kan ein lita på.
v.1 I Bibelen blir me ofte oppmoda til å ropa. Ropa ut vår lovsong til Gud. Ropa ut kallet til omvending og tru. Ropa ut dei gode nyheitene om Jesus Kristus. Den stillfarne åndelege beskjedenheten finn me lite av i Bibelen. Den er ein meir moderne konstruksjon. Bibelsk fromheit er ekstrovert. Heilt klart.
Det er RETT å lovsynga Gud, seier salmisten. Då må det vera GALT å ikkje gjera det. "Dei rettskafne" er då dei som stolar på Gud, gjer det han påbyr og som lovar og takka han for alle ting. Det er den einaste rette måten å leva på.
v.2: Lyre er eit strengeinstrument. Lovprisning treng ikkje vera vokal. Den kan vera instrumental. Det er mykje tilbeding i god musikk. Musikken kjem frå Gud, og me gjev han tilbake ved å spela for han. Johann Sebastian Bach laga alle sine musikkstykket til Guds ære. Då David spela på harpe for Saul, veik den vonde ånda bort frå han. Det er kraft frå Gud i den musikken som kjem frå Gud.
v.3: Me blir her oppmoda til å laga nye songar for Herren. Kvar tid har sine songar, sin uttrykksmåte. Me lever i ei tid då Gud auser nye lovsongar utover si kyrkje, og når me syng og prisar Gud, ryddar me ei plattform for hans kraftfulle nærvær. "Herren tronar på Israels lovsongar":
Så må me øva. Gud vil at me skal syngja vakkert. Det kommuniserer best. Me må strekka oss etter kvalitet. Ikkje så fort bli fornøgde. Rart at me så raskt i kristen samanheng slår oss til ro med at "det er godt nok." Kan noko vera godt nok for Gud? Han som i GT gjorde det klart at dei offer som skulle berast fram skulle vera lytelause? Han ville ha det beste. Det vil han i dag også. Han vil ha det beste av oss. Me må rett og slett øva.
v.4: For Herrens ord er sant. Bibelen er sann. Det er ingenting der du ikkje kan stola på. Lever du etter Bibelen kan du ikkje gå feil. Går du imot Bibelen, bommar du på Guds mål med livet ditt. Det kjem ikkje noko godt ut av det.
Kva gjer Gud? Han driv misjon og byggjer si kyrkja. Å stola på "alt det han gjer", er å rekna med at det han driv på med er det rette å driva på med, og så bli med han på dette store prosjektet.

fredag 15. mars 2013
Salme 32,10-11
10 Den urettferdige har mange plager, men den som set si lit til Herren, kransar han med miskunn.
11 Gled dykk i Herren og jubla, de rettferdige. Bryt ut i fagnadrop alle de ærlege av hjarta.
“Den urettferdige” er eit menneske som ikkje gjer rett og skil for seg korkje andsynes Gud eller nesten. Han/ho pådreg seg mange plager. Kvifor? Fordi synda er skadeleg i seg sjølv, og fordi ein ved å synda misser Guds vern mot demoniske makter som verda er full av.
Å vera rettferdig er å setja si lit til Herren, og den som er i Gud, har eit mektig vern. Same korleis livet artar seg, går ein rundt i ei boble av godleik, og det skaper glede, jubel og fagnadrop. Vel. Det skulle ha gjort det. Men ofte går Guds barn berre rundt og ber dette inni seg, difor ruskar David i oss her og seier: Gled dykk! Og: Bryt ut i jubel! Det er betimelig.

Abonner på:
Innlegg (Atom)