mandag 8. september 2008

Filipparbrevet 3,12-16


v.12: Paulus trur ikkje om seg sjølv at han er fullkomen eller har nådd fram til Guds mål for seg, men han anstrenger seg til det ytterste etter å nå det fullkomne.


I dag er det få kristne som anstrenger seg etter det fullkomne. Ja, dei fleste anstrenger seg ikkje i det heile. Dei kviler seg på ein misforstått nåde. For dei som meiner seg å leva i Guds nåde utan at denne nåden har nokon effekt på sjelslivet slik at ein higar etter Gud og hans mål for verda, lever på eit sjølvbedrag.

v.13-14: Eit mål har stor kraft i seg. Det driv folk framover. Den som ikkje har noko mål klårt for seg, vil mangla framdrift og får ikkje utretta mykje utover det daglege. Men me menneske er ikkje kalla til å kun å driva på med det daglege. Me er kalla til å halda på med det som har verdi for evigheten, og då handlar det om å leva Jesus nært, likna på han, og vinna menneske for han. Dette var eit klårt definert mål for apostelen Paulus, eit mål som han strekte seg etter kvar dag. Ikkje at han hadde nådd det, men han visste at så lenge han strekte seg, ville han til slutt vinna sigersprisen. Kva ligg det i dette? Jo, å bli frelst er gratis. Men å nå fram til det evige livet kostar deg alt. Når eit menneske tek i mot Guds nåde i Jesus Kristus, er dette starten på eit laup der det handlar om totalengasjement for han som frelste oss med sitt blod. Utan dette totalengasjementet for Jesus, når me ikkje fram til Guds himmel. Me vinn ikkje prisen. Me går fortapt. Difor valde Paulus å gløyma det som låg bak og strekka seg etter det som låg framfor han. Han vart ikkje sitjande fast i gamle suksessar, nederlag eller tradisjonar. Han let seg heller ikkje binda av historias leidarar, som så mange gjer i våre dagar. Han følgde Jesus. Som kristne skal me ikkje la oss styra av fortida eller av døde leiarar, kor gode dei enn var, berre av Jesus. Den tida me lever i idag representerer andre utfordringar enn det gårsdagens kristne hadde å stri med. Difor nyttar det ikkje å følgja dei i eitt og alt, og heldigvis for det, men gjerne la oss inspirera av det gode og tidlause dei sto for. Men det kan sanneleg vera grunn til å ta eit oppgjer med mykje av det slette me har arva frå desse leiarane av haldningar og strukturar. Ikkje minst når det gjeld det å visa storsinn og vilje til einskap.

v.15-16: Paulus forventar at alle mogne kristne vil bifalla desse tankane hans. Han forventar ikkje at alle er komne på same nivå i helginga. Nivået er her mindre viktig enn retninga. For den som heile tida går mot målet, vil til slutt enda opp akkurat der.

Ingen kommentarer: