fredag 5. september 2008

Filipparbrevet 2,25-30


Var Timoteus nr. 1 for apsotelen, så må Epafroditus vore ein god nummer 2. Paulus omtalar han som bror, medarbeidar og medsoldat, og omtalar han svært rosande. Som kristne er me ikkje berre søsken. Me skal jobba saman for evangeliet og strida saman i bøn.
Epafroditus må ha vore frå Filippi, og han må ha reist til Rom for på vegne av kyrkjelyden å støtta og hjelpa Paulus medan denne sat arrestert.
Under opphaldet sitt i Rom vart Epafroditus svært sjuk, ja han var døden nær. Han hadde risikert livet i tenesta for Paulus, men me får ikkje vita korleis, berre at sjukdomen hans på eitt aller anna vis sto direkte i samanheng med tenesta. Men Gud må ha lækt han og late han koma til krefter att. Hadde han døydd, ville det ha vore til sorg på sorg for apostelen. No kunne han med glede senda han attende til Filippi sunn og frisk. Berre tanken på det var ein stor lette for apostelen. Han tenkte med gru på å måtta senda sørgjebod attende til kyrkjelyden. No kunne han i staden senda attende ein frisk Epafroditus som då må ha hatt dette brevet med seg.

Kva kan me læra av dette? At kristne skal leva for kvarandre og vera viljuge til store offer for truande søsken som sit i fengsel eller på anna vis er utsette for overgrep og trakassering. Dette ansvaret er udiskutabelt.

Ingen kommentarer: