lørdag 6. september 2008

Filipparbrevet 3,1-11


v.1: Paulus formanar filipparane til å gle seg i Herren. Den kristne gleda er rekna for å vera dette brevet sitt hovudtema. Denne gleda ligg utelukkande i Jesus og ikkje i livet elles, som me jo veit kan by både på sorg og glede. Men i Jesus har me ei glede som er stabil og varig. Hans forsoningsverk og hans nærvær endrar seg ikkje med flo og fjære, dag og natt, fødsel og død, sjukdom og sunnhet, rikdom og fattigdom, ære eller vanære. Han har ved sitt offer forsont oss med Gud ein gong for alle, og gjort oss til hans barn ved tru og dåp. Han er som eit fast urokkeleg fjell. Men kristne har lett for å gløyma at dei trass alt har grunn til å vera glade. Difor denne stadige påminninga. Eit viktig poeng her er det at Jesus er full av glede. Han frydar seg over livet og over oss. Det er altså glede i Jesus. Og finn me ikkje glede nokon annan plass, så finn me gleda i han.
I Nehemjaboka les me at "gleda i Herren er dykkar styrke." Krafløysa mellom kristne har altså sin grunn i gledesløyse, og uansett korleis det ser ut inni oss eller rundt oss, lokalt eller globalt, er den gleda som er å finna i Jesu hjarta uforandra.



v.2: Her åtvarar Paulus mot judaistane som ville påleggja dei kristne å omskjera seg og til siikert også å forplikta seg på andre forordningar frå den gamle pakt. Han kallar dei for hundar, vonde arbeidarar og øydeleggjarar. Desse personane vil riva ned verdien av Jesu død og oppstode og frårøva dei truande fridomen. Ingenting vekte kamplysten i Paulus som slik tankar og innspel i kyrkjelyden. Hadde dei slått gjennom, ville Kristus ha dødd til inga nytte for desse menneska, og dei ville ha tapt livet i Gud.


v.3: Omskjeringa i den gamle pakt forstår Paulus som eit ytre bilete på den indre nye fødsel som Jesus gjev oss menneske når me kjem til han med liva våre. Det nye livet i Jesus avslørar seg ved at me begynner å lovsynga Gud i Den Heilage Ande, dvs ut frå ein indre glede over å kjenna han og vera hans barn. Slik kan kvar av oss testa oss sjølve om me verkeleg er kristne. Så oppfordrar apostelen enno ein gong mottakarane av brevet til å gled seg i Jesus, og ikkje stola på kjøtet, dvs. alle mogeleg slag ytre religiøse bod, tradisjonar, seremoniar og vanar. Dei kan ikkje frelsa.


v.4-6: Paulus er den rette mann til å snakka om dette fordi knapt nokon hadde satsa så hardt på religionen som han. På det området hadde han rett og slett alt. Han må ha vore det mest superreligiøse menneske som til den tid hadde gått på to bein. I dag er verda full av verdilaus religiøsitet. Islam, buddhisme, hinduisme og jødedom har alle sine høgst seriøse utøvarar som forsøker etter evne å leva opp til alle slags bod og forbod. Men alt dei held på med fører dei berre lenger og lenger bort frå Gud, og gjennom sitt sjølvrettferdige strev kjem dei inn under Guds dom og vreide med liva sine. Men ikkje berre dei. Uforløyste kristne som jamnt og trutt jobbar for å oppnå Guds gunst i staden for å stola på Kristus i frelsesspørsmålet, står også utanfor Guds nåde. Må Gud forbarma seg over oss alle.


v.7: Ingen var så langt inni dette som Paulus, men i møte med Jesus Kristus kasta han religionen over bord. I lyset frå Jesu kjærleik og hans frelse, såg han at alt det han før hadde satsa på og stolt på, berre var verdilaust skrot. Han berre kasta det i frå seg slik at det vart plass til Jesus i livet hans.


v.8: Og oppgjeret med religionen var fullstendig. Det var ikkje plass til noko av det gamle i livet hans. Alt måtte ut til fordel for noko som var langt meir verd: kunnskapen om Jesus, eller kanskje betre: kjennskapen til Jesus. Det er ein viktig ting å snakka om her: Mange prøver å kombinera Jesus og religion. Men det går ikkje. Jesus er heilt eksklusiv. Han vil ha deg for seg sjølv. Han vil at det skal vera deg og han åleine. Han vil at du berre skal stola på han. Han vil at du skal forstå at dersom du skuldar 1 million kroner, så har han betalt 10 milliardar kroner for å dekka inn det du skuldar så det ikkje skal vera nokon tvil, og for at du skal ha meir enn nok å gå på. Har du han, har du alt du treng for dette livet og det som kjem. Du treng ikkje eitt einaste rituale i tillegg. Og begynner du å stola på rituala, står du i fare for å falla ut or livssamfunnet med Jesus. Sjå på røvaren på krossen. Korleis vart han frelst? Ved å kalla på Jesus og tru på han. Det var alt. Men det var meir enn nok.


v.9-10: "Å bli funnen i han." Det er det avgjerande for oss menneske, om me ein dag blir funnen i Kristus. Det er tre ting å seia om sameininga mellom oss og Jesus. For det første: Jesus sa til Nikodemus: "Når Menneskesonen vert lyft opp, skal han dra alle menneske til seg." På krossen tok Jesus oss alle opp i seg. Det er det eg vil kalla den objektive sameining med Jesus. Då han døydde var me alle i han med liva våre. Der var me med alle våre synder og sorger. Alle utan unnatak. Har du sett det? Har du forstått det? Der var du og eg, og der er du og eg i dag. Skal Gud sjå på deg, må han ta ein kikk på Jesus. For du er jo i han. Og kva ser han då? Noko utruleg vakkert og perfekt. Du ser heilt rettferdig og fin ut, nett lik Jesus. Det er Jesus sin karakter og sine fullkoment vakre trekk som kjem fram i deg når Gud ser på deg. Og likevel er det deg. Er då alle frelst? Nei, for det er ikkje nok å vera plassert i Jesus. Jesus må også vera i oss. Når skjer det? Når me trur det som her er sagt. Då kjem Jesus inn i oss, tek bustad i oss og skaper eit heilt nye menneske av oss, me blir barn av Gud, som han så neste omgang kan fylla med Anden og utrusta med åndelege gåver slik at Guds kjærleik kan gå sin sigersgang i verda gjennom oss som er frigjort av evangeliet. Det er Jesus som er Guds rettferd. Og er me i han og han i oss, har me Guds rettferd og me er fullkoment frelst. Men det er ikkje nok at me eig denne frelsa. Den må me formidla til andre, og skal me klara det, må me leva i krafta av Jesu oppstode som er eit anna uttrykk for krafta i Den Heilage Ande som Jesus sender over oss og inn i oss når me står han nært, tener han og lever ope og ærleg med han. Og alle som vitnar om Jesus og viser litt kristen iver, vil få motstand. Det er ingen veg utanom: alle som brenn litt for Jesus, vil få trøbbel som Paulus alltid fekk det. Mannen sit trass alt i fengsel og dikterer dette brevet.


v.11: "om eg kan nå fram til oppstoda frå dei døde." For ein setning! Det er Paulus, den store Jesu Kristi apostel, den største kristne som nokon gong har levd, som seier dette. Korleis kan me som er så mykje mindre ta det for ein selvfølge at me skal nå fram til Gud? Saka er: det er berre ein stor stor nåde om me når fram, og utan at Jesus og Guds englar er hos oss, hegnar om oss, passar på oss og rettleier oss har me ingen sjanse til å nå fram til Guds himmel. Djevelen er mektig og den ånd som er verksam i verda likeeins. Adam falt i synd i ei verd som var nær på fullkomen. Du og eg lever som syndige menneske i ei fallen verd. Det er lett å falla. Difor må me vera audmjuke som Paulus og be Gud instendig om å føra oss på den rette vegen og visa oss når me vik av frå den. Slik måtte David ofte be, og det er eit godt teikn når eit menneske ber slik. Her nyttar det ikkje å vera sjølvsikker, berre tru på Jesus.

Ingen kommentarer: