fredag 16. juni 2023

Salme 119,95-98

 Dei lovlause ventar på å øydeleggja meg,

          eg tenkjer på dine lovbod.
          
   
 96 Eg ser at alt som er fullkome, har ei grense,
          men ditt bod når uendeleg vidt.
          
   
 97 מ Kor eg elskar di lov!
          Eg grundar på henne heile dagen.
          
   
 98 Ditt bod gjer meg meir vis enn mine fiendar.
          Det er alltid hos meg.

Dei lovlause er ikkje utan lover, dei kan ha mange tusen lover, men dei vil ikkje godkjenna og bøya seg for Guds lover. Salmisten slit med desse folka, for dei er så irriterte på han at dei vil øydeleggja han. Kvifor det? Fordi han stadig minnar dei om Guds vilje. 

Det siste året er eg blitt litt kjent med Batyr Nursen. Batyr Nursen  var den 7. kristne i Turkmenistan, landet på austkysten av Svartehavet, ein tidlegare sovjetrepublikk. Batyr kom til tru på Jesus i 1993 då landet, etter Sovjetunionens fall, ei kort tid var ope for misjon. No er det mange tusen kristne i landet. Men denne kyrkjeveksten har vekt så sterke negative reaksjonar hos presidenten, at kyrkja har måtta gå under jorda. Ho er no ei undergrunnskyrkje. Blir dei kristne avslørte, mister dei jobbane sine og barna deira får ikkje lenger gå på skulen. Målet er å øydeleggja kyrkja. Det er slike ting salmisten skriv om her.

Men midt i all motstand valde salmisten å tenkja på Herrens lovbod. Det ville bevara han som kristen. Skal forfølgde klara å overleva som kristne, må dei alltid tenkja på Guds gode vilje og vesen. Men det må så visst me som ikkje blir forfølgde også gjera, og så må me tenkja på at me ofte gjer det lett for oss sjølve ved å teia bom stille om Guds bod og vilje slik at ingen finn særleg god grunn til å bruka energi på å forfølgja oss. 

v.96. Alt som er fullkome blir kanskje rekna som fullkome i èin kultur, men ikkje i ein annan, i èi tid, men ikkje i ei anna, som t.d. gode lover. Dei gjeld for ei stund, så kjem det nye lovgjevarar og nye lover. Men Guds lover gjeld med same tyngde over alt alltid. Slik vil eg forstå dette verset. 

I vers 97 repeterer salmisten sin djupe kjærleik til lova. Han beundrar henne verkeleg, og får henne ikkje ut av tankane sine. 

v.98. Ho gjer han vis, ja, visare enn fiendane. Her har me noko å læra. Så lenge me står fast på Bibelen og ikkje rikkar oss bort frå Guds lov, vil Gud gje oss uimotståelege  argument i møte med våre motstandarar. Men me må ha lovene hos oss, dvs. me må kjenna dei og læra dei utanåt slik at Guds Ande kan ta dei fram frå minnet vårt når me treng det. Og det gjer han. 

Ingen kommentarer: