onsdag 21. juni 2023

Salme 119,103-104

 103 Kor søte dine ord er for ganen,

          betre enn honning i munnen.
          
   
 104 Eg får innsikt av dine påbod,
          difor hatar eg falske vegar.

Vers 103 minnar meg om Esekiel 3,1-3 der me les slik: " Han sa til meg: «Menneske, et det du finn her! Et denne rullen! Gå så og tal til Israels hus!»  2 Då opna eg munnen, og han lét meg eta rullen.  3 «Menneske», sa han. «Mett magen din og fyll innvolane dine med denne rullen som eg gjev deg.» Då åt eg rullen, og han gav ein søtsmak i munnen som honning." 
Det var slik Esekiel vart profet. Han vart utrusta gjennom å eta ein bokrull, ved å ta inn det skrivne ord. 
Bøker er til å lesa, ikkje til å eta. Eting av papir er ekstraordinær aktivitet. Men å lesa og høyra Guds ord er å eta det med auge og øyre. Jesus seier i Matt 4 at menneske lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som går ut frå Guds munn. Guds ord har i seg mat for sjela og kraft til trua. Skal du og eg ha ein bodskap frå Gud til verda, må me ta oss bryet å lesa Guds ord grundig og etterleva det. Gud utrustar oss gjennom sitt ord fordi dette er fullt av ånd, og det har kraft i seg til å både inspirera, fornya, levandegjera og som sagt: å utrusta. Guds ord gjer oss til profetar. Dette ser me i Apg.10. Peter besøker Kornelius sitt hus for å dela evangeliet om Jesus med dei som der var, og medan han tala, fall Den Heilage Ande på alle som høyrde Ordet, og dei begynte å tala i tunger og lova Gud, og i ei liknande forteljing frå Apg 19 talte dei som fekk Anden i tunger og dei profeterte. Anden er i Ordet, og når Guds ord blir forkynt i Andens kraft, begynner folk å tru på Jesus, venda om frå syndene sine, bli fylte av Gud, og dei utviklar eit hat til falske vegar som her skildrar eit liv i opposisjon til Guds ord og bod.   

Ingen kommentarer: