mandag 27. mars 2023

Salme 119,72

 72 Lova frå din munn er betre for meg

          enn mengder av gull og sølv.

Ingenting i vår verd er så nedvurdert som Guds lover. For sanninga er at desse lovene er det mest verdfulle me har. For dersom alle respekterer Guds lover og lever etter dei, vil det aldri mangla gull eller sølv. Tenk berre på dette: Det mest økonomisk utarmande for ein nasjon er korrupsjon, og tenk på at dette er å finna meir eller mindre i nesten alle verdas land. Då forstår du kva eg meiner. Korrupsjon handlar jo om steling og lyging, som er brot på Guds lover,  og frukta av omfattande korrupsjon er at ingen lenger stolar på kvarandre, og kva skjer då? Jo, når innbyggjarane  tenkjer seg at det dei betalar inn til det offentlege hamnar på feil plass, i feil lommer,  resulterer det at dei prøver å lura seg unna så godt dei kan. Den eine synda avlar den andre, folk blir fiendtleg innstilte til kvarandre, og det er både kontraproduktivt og livstrugande. Kor mange mord er ikkje blitt gjennomført pga hat mot folk som har berika seg på andre sin bekostning? Kor mange revolusjonar har ikkje dette skapt? Kor mykje blod har ikkje flote i gatene i verdas hovudstadar? Det blir lite sølv og gull av at alle prøver å grava til seg det sølvet og gullet som allereide er der. Hadde folk forstått at den heilage evige Gud ein dag skal halda dei ansvarlege for uærlegdom, grådighet, utruskap og svik, så ville dei nok tenkte seg grundig om før dei begav seg ut på dette her. Gudsfrykt med nøgdsemd er ein veg til vinning, skriv Paulus. 

Judas Iskariot var korrupt. Han sveik Jesus for 30 sølvpengar. Men det starta ikkje der. Han var Jesu kasserar, og hadde i lenger tid forsynt seg av felleskassen. Det enda med fråfall i hjarta og ein forferdeleg pertsonleg tragedie. "Trongen etter pengar er ei rot til alt vondt," skriv Paulus til Timoteus. Denne trongen har ført mange bort frå trua. Trongen etter materiell rikdom er kristne menneskes farlegaste fiende. Det må eg få sagt. 

Guds lover er gode og byggjande både for den enkelte og samfunnet. At me ikkje klarar å oppfylla dei av eit heilt hjarta, har me inndekning for hos Jesus, så det brukar me ikkje mykje energi på. Men skal me bli ståande i Gud, må me anerkjenna lovene hans som gyldige og oppfylla dei på det ytre planet i kvardagen. Slik konserverer me trua og gudsforholdet, og me blir gagnlege menneske i heim og samfunn, som i gamle dagar var målet for undervisninga i grunnskulen. For då skulle elevane ha ei kristen og moralsk oppseding. Det var gode tider for norske ungdommar. 

Ingen kommentarer: