lørdag 11. mars 2023

Salme 119,63-65

 63 Eg er ven med alle som fryktar deg,

          med dei som held dine påbod.
          
   
 64 Herre, jorda er full av di miskunn.
          Lær meg dine forskrifter!
          
   
 65 ט Herre, du gjer vel mot din tenar
          slik som du har sagt.

v. 63. Salmisten har forstått verdien av kristent fellesskap, og han har samkjensle og venskap med alle som fryktar Gud. Folk som har Den Heilage Ande vil kjenna på dette. Kva er typisk for Jesu vener ? Dei elskar han, hans ord og hans prosjekt, og dei elskar sine medmennesker. Det er kjærleik alt handlar om, skjønar du. Paulus skriv i Rom.13,10 at "kjærleiken er oppfyllinga av lova", og i 1.Tim.1,5 skriv han at "målet med bodet  er kjærleik av eit reint hjarta, av eit godt samvit og ei ærleg tru." Kjære deg! Velg dine vener nøye, og knytt deg nærast til dei som fryktar Gud og går på hans vegar. Men sjølvsagt skal du også ha ikkje-truande vener. Det må du alltid ha, for det er ei kjennsgjerning at dei fleste som vert vunne for Kristus, vert vunne gjennom truande vener. 
v.64 startar herleg: Jorda er full av Guds miskunn. Miskunn betyr både nåde og handlande medkjensle. Denne nåden og varmen formidlar han gjennom kyrkja si, og kyrkja er verdsvid og forkynner og hjelper folk over alt der truande er. Det mest typiske med Gud er hans miskunn og nåde. Derfor er det ikkje eitt einaste menneske i verda som han ikkje har innafor synsfeltet sitt, og som han prøver å undervisa i sine forskrifter, og den vikigaste og mest grunnleggjande forskrifta er: Tru på Herren Jesus, så skal du bli frelst.
v.65 er eit personleg vitnemål. Salmisten er Herrens tenar, og han har berre godt å seia om Gud,og alltid har Gud handsama han på ein god måte. Som David skriv i Salme 23: "Berre godleik og miskunn skal etterfølgja meg alle mine levedagar." 
Her ber han om at Gud skal halda fram med å handsama han godt. Det skulle kanskje ikkje vera naudsynt, men bønene våre kjem frå vårt indre, og her tenkjer salmisten slik: Lat meg få behalda denne posisjonen som eg har der eg kvar dag får nyta din godleik og gunst. Du har lova å ta vare på meg åndeleg og timeleg, og det ber eg deg om at du skal gjera.  Det er ei god bøn. 

Ingen kommentarer: