onsdag 26. april 2017

Salme 57,4-6


v. 4. Hjelpa frå himmelen er den beste hjelpa eit menneske kan få. Den overgår alt me kan førestella oss. For folk flest er himmelen fjern, flyktig eller ikkje eksisterande, men sanninga er at himmelen kom til jorda med Jesus. Han seier: Himmelriket er nær, eller: Guds rike er midt i mellom dykk. 


Uansett kva situasjon du kjem oppi, har du ein mektig hjelpar i Jesus. Han er nær deg og bur i deg ved sin Heilage Ande, og han sviktar deg ikkje, ikkje ein gong i det mørkaste mørker. Det skal du få rekna med. Han er Herren din gjetar som trufast er med deg i den mørke dalen, hyllar deg inn i si miskunn og fører deg trygt gjennom. Alltid stiller han seg mellom deg og løvene, og han hånar dei som jagar deg. Dette er domen over dei som forfølgjer Guds barn: Gud hånar dei, dvs talar dei strengt til rette. 


v.5 David befinn seg midt mellom løver med kvasse tenner. Avsnittet minnar oss om Daniel som fysisk vart kasta i løvehola utan at løvene kunne røra han eller skada han. Guds englar gjekk mellom. Løvene i vårt avsnitt er menneske med vonde hensikter, fiendar av Gud og Guds barn. Dei er strenge og mektige, og jobbar for å fjerna kristne menneske sin innflytelse i samfunnet. Det er, i alle fall her til lands,  berre kristne aktivistar som blir utsette for desse farane, kristne som forkynner Guds vilje inn i folks liv, dei som utfordrar dødsrikeportane. Tannlause kristne får leva i fred. Kristne med mål og meining derimot får motstand. Det er desse som representerer håpet for denne verda, dei er med sin klåre og varme tale fyrlykter som folk kan orientera seg etter. Dei får motstand, ja, men dei veit at han som bur i dei er langt sterkare enn han som bur i verda. Så det går bra. Det er ikkje farleg å stå opp for Jesus. Men ubehageleg kan det vera. Derimot er det farleg å IKKJE stå opp for han. Det skal vera sikkert og visst. 

v.6. er ei mektig bøn som rører seg i alle kristne, ei bøn om at Gud skal syna alle menneske og alle makter og herredøme i himmelrommet kor stor og mektig han er. Før domens dag skjer det når kristne reiser seg og forkynner hans gjerningar som kalla oss frå mørkret til sitt underfulle lys. I nådens tid openberra nemleg Gud seg utelukkande gjennom sitt folk. Når me står opp for Gud, når me lovar og tilber han, får han makt i folks liv gjennom oss. 

Ingen kommentarer: