tirsdag 25. april 2017

Salme 57,1-3

v.1. Dette er ei salme frå relativt tidleg i Davids liv, før han vart konge i Israel, medan han var forfølgd av Saul. Salmane frå denne tida er veleigna å bruka og be for alle kristne på kloden som sjølve vert forfølgde av styresmakter eller andre overmektige fiendar.

v. 2. David søkjer tilflukt hos Herren, og ber om nåde og vern. Han er tillitsfull og kjenner seg trygg i skuggen av Guds vengjer. Han stressar ikkje, men vel å halda seg i ro til faren er over. Tru handlar ofte om å halda seg roleg hos Gud og stola på hans makt og omsorg. Ta det til deg du som akkurat no står i ein redselsfull situasjon som du ikkje kan rå med eller kan sjå utgangen av.

Då Jesus stod utanfor Jerusalem og gret over byens framtid, brukte han akkurat dette vengjemotivet. Han sa: "Kor mange gongar ville eg ikkje samla dykk, slik som ei høne samlar kyllingane under vengjene sine, men de ville ikkje."

Slik er Jesus den dag i dag. Han vil SAMLA, og han vil samla ALLE MENNESKE under vengjene sine. Men dei fleste vil ikkje og blir ståande utanfor Guds fellesskap, overlaten til dei vonde kreftene i tilværet.

v.3. David ropar til Herren. Slik er det når me er i stor naud. Då ropar me til han, som skadde barn til foreldra sine, og ofte er ropa våre berre høyrbare for oss sjølve.
David ropar fordi han kjenner Gud, fordi han veit at Gud vil gjera vel mot han. Den mest grunnleggjande av alle kristne sanningar er denne: GUD ER GOD, OG HAN GJER GODT. Det skal du og eg få ta med oss gjennom dagen.

Ingen kommentarer: