torsdag 7. juli 2016

Salme 53

Dette er også ei læresalme. Det som her blir framført kan ikkje menneske tenkja seg fram til, det openberrast frå himmelen.
Salma står i nær samanheng med Ps 52, og er omtrent identisk med Ps 14

v.2. Ein dåre er ein person som byggjer livet sitt på løgn. Og løgna er at det ikkje finst nokon Gud!. Ateismen er ikkje noko ny oppfinning som kom med opplysningstida eller Karl Marx, nei han har vore stasjonert i menneskehjarta sidan syndefallet. Ateismen avspeglar rett og slett eit behov hos det falne menneske om å sleppa unna Gud og dei avgrensningane som han set for menneskelivet. Den som trur på Gud, må innretta livet sitt etter hans bod, og ein kan ikkje leva livet etter sine syndige lyster. Dei som det gjer, blir moralsk korrupte (NEV) utviklar eit stygt vesen (Lutherbibelen), og  blir tilbøyeleg til å gjera "avskyelege handlingar" (NB11). Her snakkar me om menneske som har glede av å skada andre og blir tilfredsstilt ved å sjå dei i smerte.

v.3-4. Men Gud er høgst eksisterande, og han høyrer, ser og studerer oss menneske, og han leitar etter nokon som er klok, dvs om det er nokon som søkjer han, men han finn ingen. Dette verset brukar Paulus i Rom.3 når han utlegg læra om rettferda ved tru. Det finst ingen menneske som er rettferdige i seg sjølv. Ingen kan bli frelst utan å få Guds rettferd tilrekna ved tru.

Kva var Guds svar på at han ikkje fann noko godt og sant menneske som søkte han? Han måtte sjølv bli dette menneske for å kunna frelsa nokon som helst, og dei som let seg frelsa, blir definert som hans folk, dei som kallar på Gud.

Det er dette folket som så lett blir forfølgt av dei som definerer Gud ut av liva sine. Dei truande blir etne opp av dei gudlause, noko som indikerer at Guds folk er eit fredfullt folk, eit Jesusfolk som let seg føra til slaktebenken utan protestar og motstand, og ugjerningsmennene (tysk: Übeltäter) kjenner på at det dei gjer er heilt rett, og folk som gjer "det rette" blir jo  alltid kjempefornøgde med seg sjølv, og er ikkje mottakelege for åtvaringar, og dei kallar ikkje på Gud.

v.6. Det er ein grunntanke i Bibelen at dei som utset Guds barn for forfølging, vil sjølve bli forfølgde av Gud. Gud sparer ikkje kristne frå forfølging, men dei som forfølger, utset seg for stor fare, dei hissar Gud på seg, for å seia det litt folkeleg.  Då blir dei råka av stor redsle, ja, sjølv om det ikkje skulle vera noko grunn for det. Beina deira vil bli spreidde, noko som fører tankane mot død på slagmarka. Vidare skal dei skal bli til skamme, dvs. gå evig fortapt, vraka av Gud.

v.7 er ei bøn om at frelse må koma til Israel frå Sion. Sion er Jerusalem. Denne bøna vart besvart på Golgata kross. All frelse kjem frå Sion, der Jesus Kristus leid døden for oss alle.  Og denne bøna skal besvarast også i framtida då Jesus kjem att for å frelsa alle som trur og døma alle vonde. Då kjem han att til jorda frå himmelen og set føtene sine på Oljeberget i Jerusalem.

Tanken på Jesu fullkomne frelsesverk fyller Jakob med jubel og Israel med glede. Jakob og Israel er eitt og det same. Det er Guds folk på jord, ein syntese av alle Jesustruande jødar og Jesustruande heidningar. Jesus er den nye Jakob, den jødiske stamfar til dagens internasjonale gudsfolk, truande frå alle nasjonar, stammer og språk. Jubel og glede er deira varemerke. Og når Jesus kjem att for å frelsa dei frå forfølging, aukar dette berre på og kjem til å vare i all æva.

Ingen kommentarer: