tirsdag 10. mars 2009

Salme 7,1-10

v.1 Utgangspunktet for at David skreiv denne salma var illevarslande nytt som benjaminitten Kusj hadde kome med. Han skal ha vore ein av David sine fiendar.

Det hender det kjem nyheiter som slår ein truande heilt ut, nyheiter som får oss til å tru at all von er ute. Men NB! sjølv om meldinga er sann, er konklusjonen gal. Så lenge me har ein god Gud med all makt i himmel og på jord, vil vona leva gjennom kva det skulle vera så lenge me går til Gud med meldinga. FOR GUD ER DEN RETTE ADRESSATEN FOR ALLE KATASTROFALE MELDINGAR SOM KJEM TIL DEG. Du har eit barns rett til å gå til far med alt det du ikkje fiksar sjølv.

v.2-3 Det gjorde David, og han sendte ei sterk bøn om utfriing frå alle fiendane som truga livet hans.
v.4-6 Men hadde han gjort fortent til mishandling, så ville han ikkje setja seg imot det.

v.7 -8 Men dersom Gud meinte at David var rettvis og hadde alt sitt på det tørre, bad han Herren om å reisa seg mot dei som sto han imot og fella dom over dei. Det er godt for oss å overgje fiendane våre til Gud. Han elskar dei meir enn oss, og kan fella rett dom over dei.
Så lærar han oss at Gud er ein Gud som stemner til doms, og han ber om at den store domedagen skal renna. Der var han nok litt tidleg ute, men med tanke på at Gud vil at bønene i Salmane skal bedast heilt til den siste dagen, er det vel ein viss logikk i dette her.
Alle kristne bør altså be om at Gud skal vakna og stemna menneska til doms. Dersom me ikkje gjer det, må det vera fordi me ikkje lid under all den uretten som råkar andre enn oss sjølve.

v.9 Så ber David om at Gud skal hjelpa han til sin rett. Han er sikker på at han har rett og at han lever rett, og difor vil han at fiendane skal gå på tap. Og det er ei god bøn, for det er ikkje bra for nokon som helst at dei som har feil får rett.

v.10 Vondskapen er veldig sterk, og me kjenner oss makteslause når han får dominans. I mange av verdas land er det Satan som rår gjennom menneske som har stilt liva sine til hans disposisjon. Islamistar, mafia, kommunistar, diktatorar, narkotikakartell, våpenhandlarar, priviligerte slekter osv. Me kan og skal be: "Gjer ende på vondskapen åt dei gudlause, men lat dei rettferdige verta ståande." Dei rettferdige er definisjonen på dei menneska som tillitsfullt elskar Gud og sin neste, og som i alt er styrt av denne kjærleiken og ikkje av snevre eigeninteresser. Men Gud er den som avgjer kven som tilhøyrer dei rettferdige, for berre han kan analyser vårt indre (prøva hjarto og nyrer). Rettferd er nemleg ei indre sak. Det er bra å gjera det som er rett, men rettferdige er me først når me gjer det rette ut frå inderleg kjærleik til Gud og nesten.

Ingen kommentarer: