mandag 23. februar 2009

Salme 6

I denne salma møter med ein David i store vanskar. Han er kraftlaus og kjemperedd (v.3), ja, kjenner seg døden nær (v.6), emosjonelt heilt ute av balanse. Det er ingen ende på tårene hos han (v7). Og han ber om at Gud ikkje må vera vreid på han og tukta han så hardt (v.2).

Guds vreide over synd er eit perspektiv som dagens kristne i stor grad ikkje reflekterer over. Me vel å sjå bort frå einkvar samanheng mellom synd og tukt. Men i Bibelen kjem denne samanhengen tydeleg fram. Og spørsmålet er: Kan Guds vreide råka kristne? Ja, for elles ville det vore meiningslaust for David å be Gud om ikkje å refsa han i sin vreide. Men det gjer han. Altså er all refs frå Gud eit uttrykk for at Gud er sint på vondskapen vår og det den gjer med oss. Her er det viktig å kunna skjelna. Gud er ikkje vreid på oss, det kan han ikkje vera, men han er vreid på vondskapen i liva våre og på det den gjer med oss. Difor tuktar han oss for å reinsa oss. Det er ikkje lite element av dom i dette. I same augneblink me forstår at me har gjort galt, er me råka av Guds vreide i samvitet. Gud dømmer synda, men takk og pris: utan å fordøma oss som er i Jesus Kristus. Korleis uttrykker Gud sin dom inn i ein kristen sitt liv? 1) Gjennom ordet! 2) Gjennom andre menneske. 3) Gjennom smertefulle ting som skjer i liva våre. Og her er me ved sakens kjerne: Når Gud let oss smaka vreide, er det av nåde! Jeremia skriv i Klagesongane: "Det var godt for meg at du var vreid på meg." For då ber me om nåde, hjelp og lækjedom (v.3), me skundar oss til Jesus med nauda vår, og me lurer på kor lenge dette skal vara (v.4).
David hadde, som me har nemnt før, mange fiendar. Menneske som konspirerte mot han som konge, folk som leita etter veikskapar hos han, som klaga han for det eine, som undergravde hans stilling i folket og som meir enn ein gong gjorde fysiske framstøytar for å fella han. Men dei kunne ikkje undergrava hans stilling hos Gud. Det einaste desse menneska difor oppnådde var å driva David til Herren og slik gjera han sterkare enn nokon gong.

Når Gud gjev Satan tilgang til livet ditt, er det fordi han veit at dette vil driva deg til Jesus som vil reinsa karakteren din og gje deg ny innsikt og forstand.

Ein kristens tårer er sterke bøner til Gud. Gud er far, og fedre let seg berøra av barnas tårer. Og dette erfarte David her. Han skriv: "Herren har høyrt min gråt!" (v.9) I sin nære omgang med Gud, fekk David trøyst og nytt mot. Ja, så pass at han gjekk til fiendane sine og befalte dei om å vika frå seg (v.9) med den grunngjeving at han hadde snakka ut med Gud og funne godkjenning hos han. Han seier: "han har teke imot mi bøn." Hos Herren hadde David fått opsjon på at det han har bedd om skulle bli innvilga. Og han triumferer (v.11). Han er sikker på at fiendane allereide har tapt. Han ser for seg i tru at dei berre må flykta i skam.

Å tru er å rekna det som enno ikkje har hendt for erfart røyndom.

Ingen kommentarer: