fredag 23. januar 2009

Salme 5,1-7

Vers 2-4: Dette er ei morgonbøn. Alle truande gjennom alle tider har vendt seg til Gud om morgonen. Det er naturleg. David var tidleg opp for å be, les me. Nett som Jesus var det seinare. David vender seg til Gud og ventar. Det finst mange uttrykk for tru i Bibelen. Det å venta på Gud er eitt av dei. Moderne menneske har vanskeleg for å venta. Dei må ha tinga med ein gong. Men det får menneske ikkje alltid hos Gud. Han testar og styrkjer trua vår med venting. Han ber oss jo ein plass om å vera uthaldande i bøn, og det kan me ikkje læra dersom me får det me ber om i same rennet som me ber.

v.5: Gud toler ikkje vondskap. Det bør alle mennneske merka seg. Vonde menneske får ikkje koma til Gud. Kva er vondskap? Det er å leva for seg sjølv, og ikkje for Gud og nesten. Den vonde frårøvar Gud det som er hans: livet og engasjementet. Ein særleg form for vondskap er vilje til å skada andre fysisk, psykisk eller sosialt. Menneske som gjer det er utestengde frå Guds familie.

v.6: Hovmod kan me definera som å hevda seg sjølv innfor Gud. Den hovmodige manglar vilje til å bøya seg for Gud og vedkjenne seg sin eigen veikskap og avhengighet. Det ligg også hovmot i det sjå på seg sjølv som overlegen i høve til sine medmenneske og å handsama andre menneske på ein nedlatande måte. Det er vondskap. Menneske som lever slik får ikkje koma til Gud.

v.7: Gud gjer ende på lygnarar, og tek avstand frå drapsmenn og svikarar. Verda er full av slike menneske. Lygn, mord og svik bryt ned menneskelivet og Guds plan med oss menneske. Difor vil lygnarar, mordarar og svikarar bli dømt av Gud både i tida og æva.

Ingen kommentarer: