onsdag 14. januar 2009

Salme 4

v.2: David ber Gud om positivt svar på bøna si. Alle bedarar er avhengige av det. Dersom Gud ikkje svarer på bønene våre, er det fåfengt å be. Dersom Gud ikkje bryr seg om oss og grip inn i liva våre, er han ikkje Gud. Men David har erfart Guds hjelp mange gonger når situasjonen har vore umogeleg, og han kjenner Gud som si rettferd, dvs som den Gud som elskar, tilgjev og gjerne hjelper.

I ljos av Det nye testamente veit me at det er Jesus som er vår rettferd. Han sonte våre synder og gav oss si rettferd i gåve. I han er me fullkomne for Gud, me er rettferdiggjort av Gud sjølv.

David appellerer til Guds nåde. At Gud er ein nådig Gud betyr at han elskar oss utan grunn i oss sjølve, og han svarer på bøn utelukkande fordi han elskar oss på denne måten.

v.3: Som Herrens tenar var David, som Jesus, ofte utsett for vanære mellom menneske. Aldri er livet så tungt som når dette skjer, særleg når det skjer frå menneske som står oss nært. Ordet svik tyder på at det er nærskulde fiendar det her er snakk om. Og når menneska vil oss til livs, vert dei sanneleg veldig omtrentlege med sanninga, og det hender at dei jagar etter lygn og svik for å nå sine mål. I v.2-5 åtvarar David dei mot slik framferd.

v.4: Her slår han fast at Herren gjer under for dei som er trufaste mot han, og at David sine fiendar må forstå at når dei går til åtak på han, går dei til åtak på Gud, for Gud er på David si side. Han minnar dei på at Gud høyrer når han bed, at han er ein far som kjem raskt til hjelp når han ropar på han.

v.5: Difor bør motstandarane skjelva av redsle, tenkja seg grundig om og slutta med denne vondskapen (Gud er ikkje til å spøka med)...

v.6: ...og bera fram dei rette offer, dvs overgje hjarto sine til Gud og læra seg å stola på han i staden for å fremja sine eigne saker ved å fornedra andre. Slikt er ikkje berre synd, det er vondskap. Vondskap er nemleg synd som tek sikte på å skada andre menneske og ikkje berre å sikra seg føremuner på uærleg eller ulovleg vis.

v.7-9 er del 2 av denne salma, og ikkje direkte knytt til v.1-6.

v.7: er ei bøn om lukke og Guds nærvær. Tanken er: sann lukke ligg i det å leva i ljoset frå Gud og i det å ha nærkontakt (stadig "blikkontakt") med han.

v.8: Den som lever i dette, har større lukke og glede enn det rikaste menneske i verda

v.9: og kan leggja seg trygt om kvelden og sova godt. Gud vaker trufast og passar på.

Ingen kommentarer: