torsdag 5. juli 2012

Salme 24,3-6

v.3-4: "Å gå opp på Herrens berg og stå på hans heilage stad", er ein metafor for å ha samfunn med Gud. Spørsmålet blir då: Kven får ha samfunn med Gud? Det seier seg sjølv at det er viktig for oss menneske å få svar på dette spørsmålet. I vår evangeliske tradisjon vil me seia: Dei som trur på Jesus. Punktum. Men det er for upresist. I følgje dette avsnittet må svaret utvidast på denne måten: Dei som trur på Jesus på ein slik måte at dei er viljuge til å venda om til han, søka hans ansikt, erkjenna, bekjenna og gjera opp for sine synder både på ytre og indre plan, og la seg forvandla av Han. Det er meir og meir vanleg blandt folk at dei gjerne vil tru på Jesus utan å innretta seg etter hans ord. Det er eit åndeleg sjølvbedrag. I starten av sin karriere forkynte Jesus: "Tida er fullkomen, Guds rike er nær, vend difor om og tru på evangeliet!" Gud fordrar at me vender om. Alle som får ein alvorleg diagnose er straks viljuge til å leggja om livskursen for å bli kvitt sjukdomen sin. Enno viktigare er det for folk som lever i synd å venda seg bort frå denne og til Jesus for å få tilgjeving og behandling for dei skadane synda har gjort i sjela.

Dersom eit menneske trur på Jesus og held fram i synda, er det som å leggja plaster på ein kreftsvulst. Det fører ikkje til lækjedom. Det gjev falsk tryggleik. 

Tru utan omvending er ei dø tru som ikkje fører nokon som helst inn i samfunnet med Gud.

v.5: Men når me vender om og tek eit oppgjer med gudløyse, arroganse, ureinskap, steling, baktale, løgn og fanteri (for å nemna noko), lever i lyset, kan me nyta godt av Jesu fullbrakte frelsesverk, og me får velsigning frå Herren og rettferd frå Gud, vår frelsar. David er veldig klar over at me ikkje kan etablera vår eiga rettferd sjølv. Den må me få som ei gåve frå Gud, og dersom denne gåva er det du elskar høgast her i verda, og det du rosar deg av innfor Gud og menneske, er det eit teikn på at du er der du skal vera.

v.6: Då er du fødd på nytt og tilhøyrer  "den slekta som spør etter Herren" og "søkjer hans ansikt".  Det er gode uttrykk. Sanne kristne likar å lesa Bibelen for å vita kva Gud har bestemt, kva han tenkjer og ønskjer, og dei likar å bruka tid saman med han i einerom for å finna ut kva som ligg på hans hjarta for denne tida, ja, for dagen i dag. Og Gud løner alle som søkjer han, det er sikkert som lås.

onsdag 4. juli 2012

Salme 24,1-2

Salma har 3 deler:
1) v.1-2 Skaparen og det skapte
2) v.3-6 Vilkår for samfunn med Gud
3) v.7-10 Gud er kongen som vil inn til oss

v.1 slår fast at heile jorda med alle hennar ressursar høyrer Herren til. Det gjer naturlegvis også alle menneske som befolkar jorda. Ingen tilhøyrer seg sjølv og kan me rette leva for seg sjølv. Me tilhøyrer Herren, og det er vårt kall som menneske å leva for han. Dei som lever for seg sjølv, bryt det første bodet og lever i alvorleg synd sjølv om dei er snille og kjekke, ærlege og redelege.

Det er underleg dette. Folk ser på drap, hor, tjuveri og løgn som alvorlege synder, men å stenga Gud ute frå livet er for dei fleste ikkje alvorleg i det heile. Men frå Guds synstad ser det annleis ut. Å leva for seg sjølv er å frårøva Gud det som er hans. Å fornekta Gud er å fornekta sitt opphav, og den som det gjer, har gått inn i ein alvorleg personleg konflikt med Skaparen av himmel og jord.

Gud har skapt oss i ein hensikt: Han ville at me skulle fryda oss i hans fellesskap, elska kvarandre og saman med han realisera hans planar med skaparverket. Når me stenger han ute, vert alt dette forpurra. Me bommar på sjølve målet med liva våre. Det går like bra med oss som med ein fisk som ønskjer å leva livet sitt uavhengig av vatnet han har rundt seg.

Gud har skapt alt, og difor har han eigedomsretten til alt og alle. Me er hans verk, og han skapte oss til og for seg sjølv. Augustin uttrykkjer dette sterkt i "Confessiones": "Gud, du har skapt meg til deg, og sjela mi er uroleg i meg inntil ho finn kvile i deg."

Det er mykje tale om autonomi og sjølvstende i våre dagar. Me vil vera frie menneske, og blandar lett saman fridom og uavhengighet. Å vera fri er ikkje å vera uavhengig, men å vera avhengig av Gud og bunden til han og våre medmenneske med kjærleikens sterke band. Guds kjærleik er vårt rette livselement. Berre i den er me frie nett slik som små barn berre er frie når dei er med far og mor som elskar dei.

Bak alt det skapte finn me Guds evige kjærleik, den som alltid har vore og alltid vil bli. Du og eg er objekt for denne kjærleiken kvart sekund i døgeret.

"Herren har grunnlagt jorda på hav og grunnfest henne på strøymande vatn", les me. Dette avsnittet peikar attende til den første tida då jorda var heilt dekka av vatn og Guds ande som sveiv over havdjupa. Det er mangt å seia om dette, men vatn er eit vilkår for alt liv. Ikkje noko levande kan klara seg utan det, det er eit fundamentalt element i tilværet.

Det gjeld også for vårt åndelege liv. Gud har, gjennom dåpen, gjort vatnet til det midlet som han sameinar oss med  den oppstadne Kristus gjennom. Det er eit mirakel som tanken din skal få kvila i. Ved dåpen vart alle Guds rikdomar og goder, og alt det Jesus gjorde for deg på krossen, overført til deg, og det vil tilhøyra deg så vera så lenge som du held fast på Jesus som din Herre og frelsar.

framhald i morgon, vonleg

tirsdag 3. juli 2012

Salme 23,6

Dei fleste opplever vel at dei jagar etter lukka. Det skal visstnok vera eit særpreg ved oss menneske det. Men David opplevde det motsett, nemleg at lukka jaga etter HAN. Dette gjev oss eit sterkt og vakkert bilete av Gud, han er ein far som alltid ser til barna sine, at dei er lukkelege og har det godt. Slik gjer jo forresten  alle normale foreldre. Dei må vita at barna deira har det godt. Og dersom dei har ein mistanke om det motsette, tek dei initiativ for å ordna på problemet, ofte utan at barnet har spurt om noko som helst. Og for å bruka Jesu logikk: Når me som er vonde veit å alltid gje barnet det beste, kor mykje meir ikkje då Gud som heilt gjennom er god!

Du slepp å springa etter Guds godleik og miskunn. Alt kjem til deg. Du blir forfølgt av det gode.
Det er ekstremt viktig at me får tak i Guds hjarta, i hans karakter. Han er ikkje passivt god, men aktivt god.  Han ikkje berre tilgjev oss, men han elskar oss slik at han har betalt for tilgjevinga ved å koma til oss som eit menneske, oppfylla si eiga lov på våre vegne og døy for våre lovbrot og stå opp frå dei døde til vår rettferd. Så sende han læresveinane sine ut for å proklamera si frelse og byda alle om å venda om til seg og bli hans barn av nåde, og i dag sit han som Herre i himmelen og sender ut sine vitne i alle himmelretningar for å etablera sitt rike og si kyrkje i alle folkeslag.

"Herrens hus" er synonymt med Guds familie, hans hushaldning, hans kyrkje. I 1.Peters brev 2 les me at me som truande menneske er eit fellesskap av "levande steinar" som vert bygd opp til ein åndeleg hus. Steinane i det jordiske templet var fint tilskorne (korleis fekk dei det til?) og tett samanføydde.  Den eine støtta seg til den andre, eit sterkt uttrykk for Guds visjon for si kyrkje: folk som lever tett på kvarandre, støttar kvarandre og tilpassar seg kvarandre.

David er så glad for at han skal få bu i Herrens hus, og det gjennom lange tider. Fellesskapet startar her og så held det fram i all æva på den andre sida.

Kvifor var det så godt og viktig for David å bu i Herrens hus? Fordi der er Gud, og David var så inderleg glad i han. Difor ber han i Salme 51, etter å ha synda, følgjande i vers 13: "Driv meg ikkje bort frå ditt andlet, ta ikkje frå meg din heilage Ande!"

Det verste som kunne hendt denne mannen var å bli isolert frå Gud og blr fråteken Den heilage ande. Det er å vera fortapt.

David hadde stor glede av å leva nær til Gud, og var ein flittig gjest i tabernaklet. Davids tabernakel var forresten heilt annleis enn det Moses laga i Sinai. Det var berre eitt rom i Davids tabernakel, og der sto paktarka i midten, og det var fritt for alle å koma inn og ta del i lovsongen som lydde 24/7. Davids tabernakel var profetisk, og peika framover mot Jesus som opna vegen inn til Gud for oss alle, priveligerte som me er. Fellesskapet i dette tabernaklet var Herrens hus for David. Der kunna han nyta og gleda seg over samfunnet med Gud og sine medtruande.Men som han vel visste og hadde røynt: Evna til å erfara Guds nærvær var heilt avhengig av at han innretta livet sitt etter Guds bod. Slik er det framleis. For, som me skal sjå i Salme 24, er det slike menneske som får tilgang til Gud.

Alle som elskar Jesus, elskar også sine kristne søsken, dvs dei elskar å vera i lag med dei, og oppleva Gud saman med dei. Slike samlingar er veka sine høgdepunkt for Guds barn. Den som ikkje kjenner det slik, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik.


mandag 2. juli 2012

Salme 23,4-5

v.4: Det hender at kristne må gå gjennom dødsskuggens dal, og når det skjer, er det Herren som fører oss inn og gjennom.  Nokre vil ha det til at kristne skal sparast for tunge tider. Men det er ikkje slik. Mange ting kan skje. I går vart 17 kristne drepne i eit granatåtak mot ei kyrkje i Kenya. Det er mange Guds barn i dag som går i dødsskuggens dal, i sjokk og djup sorg over kjære dei ikkje skal sjå att og gleda seg saman med på denne sida av død og grav. Forfølging, alvorleg sjukdom og ulukker kan føra oss inn i denne dalen som ingen av oss ønskjer å måtta passera. Men evangeliet i dag handlar om at Jesus er med oss inn i den djupaste nauda, i sjukdom, død og sakn.

"Din kjepp og din stav trøystar meg", les me. Kjeppen og staven trur eg er Jesu namn og Guds ord. Ein gjetar brukte kjeppen til å jaga ulven med og staven til å samla sauene. Slik brukar me Jesu namn for å fordriva dei vonde åndene som trykkjer på oss i mørke dalar, og Guds ord til å halda oss nær til Jesus. Han hjelper oss å sjå alt som skjer i rett perspektiv, i Guds perspektiv. Då kan me så mykje lettare leva med det, ja rett og slett takka og prisa Han for det.

v. 5:Jesus omformar den mørke dalen til eit festlokale. Han dekkar bord for oss like framfor augo på våre fiendar. Eg tenkjer på den jødisk-kristne lutherske  presten Richard Wurmbrand som på 50 og 60-talet sat 14 år i rumensk fengsel for si frimodige forkynning av Jesus og av Guds ord for liva våre. Medan han sat inne såg og høyrde han ting som han i ettertid ikkje kunne attgje for andre. Fengselscella vart ein katedral der Gud kom nær og dekka bord for barnet sitt. I 1980 (må det ha vore) hadde eg gleda av å møta og snakka med denne mannen og kona hans Sabina (som sjølv hadde sete inne i 3 år) då dei var i Bergen. Dei bar med seg merker etter tortur og mishandling, men Gud strålte ut av dei. Han set sanneleg sitt adelsmerke på si lidande kyrkje.I dødsskuggens dal legg han inn kvalitetar i oss som ikkje kan bli våre andre plassar enn nett der. Det er ei eiga salving, ei vigsling som fører til at begera våre flyt over av åndeleg velsigning som renn frå liva våre til dei menneska me har rundt oss.

Sabina fortel i boka si "Pastorens hustru" at ho under tida si i fengsel vart plassert i eit skap med spikrar som stakk innover. Dette var ei straff for at ho vitna og forkynte for dei andre fangane. I dette tronge skapet kunne ho ikkje lena seg i nokon retning, men måtte stå og balansera for ikkje å skada seg stygt på dei skarpe naglane. Det var uuthaldeleg. Kva skulle ho gjera? Heile henne var eit rop til Gud. Då merka ho brått at han var der saman med henne, fylte henne med Den heilage ande og gav henne eit nytt språk som bar henne gjennom time etter time. Ho gløymde tid og stad, Herren dekka bord for henne like framfor augo på hennar fiendar, og ho kunne til fangevaktarane si undring gå skadefri ut av skapet.

I dag sit Josef Nadarkhani i eit fengsel i Iran og ventar på eksekvering av dødsdomen som er felt over han. Han er ved godt mot og formanar oss frå cella si om å halda fast på Jesus same kva det skal måtta kosta oss. Det er beundringsverdig. Gud salvar hovudet hans med olje, og hans beger flyt over.

Me har så mange døme på sanninga i denne teksten, men dette får klara seg.

søndag 1. juli 2012

Salme 23,3

v.3: "Han gjev meg nytt liv," les me i 2011-bibelen. "Ny kraft," heitte det i 78-utgåva. I den hebraiske grunnteksten står det at "Han forfriskar (fornyar) sjela mi." Sjela står for alt i meg som har med Gud å gjera, det åndelege og det moralske, trua og livet. Jesus styrker dette gjennom Ordet, Anden, fellesskapet og tenesta. Å leva som kristen er å leva i kontinuerleg fornying. Dersom ikkje kroppen kontinuerleg fornyar seg, døyr han. Slik også med sjela. Fornying er ikkje noko som berre skjer med ein kristne sånn inni mellom, på store inspirerande møter med masse lovsong og kanontalarar. Nei, fornying og forfrisking må først og fremst skje mellom alle gode hendingar, i det daglege, når du går inn på ditt eige kammer, les din bibel, sannar syndene dine og ber til Far din som er i det skjulte og let det bada i hans nåde og godleik, i lyset frå hans ansikt. Lever du der, går du ikkje i fellesskapet for å få påfyll, som det gjerne heiter, men for å gje andre av det overskotet som Gud har fylt deg med då du var åleine med han.

Rettferds stigar er synonymt med Guds bod. Guds bod er vår guide gjennom livet. Lever me etter dei, lever me rett, og er til glede for Gud og menneske. Bryt me dei, vanærar me Gud og påfører oss sjølve og andre skade. "Guds bod er ikkje tunge", skriv Johannes i sitt første brev. Det er lett for oss som truande å vera trufaste, sanne, ærlege, kjærlege og audmjuke, for det er det han fordrar av oss (Mika 6,8), og han har sendt Anden til å hjelpa oss med dette slik at me gjer det gode og rette med glede og godt humør.

Herren leider oss på rettferds stigar "for sitt namn skuld." Dette er ei inspirerande sanning. Alt Gud gjer i liva våre gjer han for si eiga skuld, for at HAN skal få gleden av å vera vår far, for at HAN skal ha gleden av vårt selskap, for at HAN skal bli kjent, æra og trudd i verda. Ja, han til og med frelser og tilgjev oss for si eiga skuld, Jesaja 43,25. Og i 48,11 står det likefram: For mi skuld, for mi skuld handlar eg, elles ville eg bli vanæra! Mi ære gjev eg ikkje til nokon annan.

Så handlar det ikkje om oss først og fremst her i verda, men om Gud. Han elskar, frelser og leider oss for sitt eige namn skuld. Så er di og mi frelse og alt i liva våre grunnfesta i Gud åleine, og når han handlar med oss for si eiga skuld, veit me at det blir fullkome det han gjer.


lørdag 30. juni 2012

Salme 23,1-2

Denne salma er for mange den kjæraste i Bibelen. Ho er enormt innhaldsmetta.

v.1: At Herren er gjetar betyr at han er konge. Ein konge skal både bestemma og representera. Jesus sa om seg sjølv: Eg er den gode gjetaren (Johannes 10). Det betyr: Eg er Herren, eg er Kongen, eg bestemmer, eg representerer. Som representant levde og døydde han for oss, og etter oppstoda fekk han all makt i himmel og på jord, før han sette seg ved Fars høgre hand i himmelen. Frå denne oppøgde posisjonen styrer han no historia fram mot endeleg dom og frelse.

"Eg manglar ingenting" sannar David. Herren er god. Han har ein enorm omsorg og fyller behova våre. Han møter oss ikkje i alle våre lyster, men gjev oss alltid mykje meir enn me har vit til å be om. Han ser kva me treng, og det er viktig for han å hjelpa oss med det.

v.2: Han let oss liggja i grøne enger, og fører oss til vatn der me finn kvile. "Grøne enger" betyr for MAT for sauen. Gud leider deg til kjærlege fellesskap der du får mat for ditt åndelege liv, der ordet vert forkynt levande og rett, og der sakramenta vert forvalta etter Guds ordning.

Han fører deg også inn i sterk vitneteneste som mettar deg. "Min mat er å gjera hans vilje som har sendt meg," sa Jesus i Johannes 4.

Vatnet er ein bilete på Den heilage ande. I den tyske lutherbibelen står det at "han fører meg til friskt vatn". Det som kjem frå Gud er alltid nytt og friskt, og det gjer oss sunne. Du får ikkje brakkvatn hos Gud, men sprudlande sunt fjellvatn. Og Jesus ropte ut: "Den som er tørst, lat han koma til meg å drikka!" Det er Jesus som gjev oss og fyller oss med Anden. Skal me ha overflod av Guds kjærleik og kraft i liva våre, må me gå til Jesus og ta til oss av han og hans gåver. Han er fjellet som vatnet kjem frå.

Den heilage ande sløkkjer tørsten din fordi han openberrar Fars hjarta for deg slik at du føler deg elska, akseptert og omslutta av Guds godleik og nåde. Når du veit at du er elska og tilgjeven av Gud, då kviler sjela di og du blir så inderleg tilfreds.  Han fyller deg også med kraft og fører deg inn i ein interessant teneste for Jesus som fyller livet ditt med meining og innhald.

"Me har alle fått ein Ande å drikka," skriv Paulus i 1.Korintarbrev 12. Anden må drikkast om me skal fyllast, dvs. Me må ta oss bryet med å tilbe Gud, lesa Guds ord, vera saman med andre åndsfylte, be, vitna og gjera det gode. Det ligg kvile i å tena Jesus. "Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg eg er mild og audmjuk av hjarta, så skal de finna kvile for sjelene dykkar."


fredag 29. juni 2012

Salme 22,28-32

 Vers 28 innheld ein herleg lovnad for alle som forkynner evangeliet: Heile jorda skal minnast det som hende med Jesus, venda om til han og tilbe han. Visjonen om ei verdsvid vekking er sentral mange stader i Bibelen. Det er ingen grunn til pessimisme med tanke på framtida for Guds rike og hans kyrkje, og når me ser på verdssituasjonen, har aldri Guds rike gått fram som no. Dette skulle setja mot i alle som ber for folkeslaga, og som lever for å realisera misjonsbefalinga.

Vers 29 leverer grunngjevinga: Kongeveldet høyrer Herren til og han herskar over folka. Jesus sa: "Eg har fått all makt i himmel og på jord, gå difor ut.." Der evangeliet blir proklamert, vil Jesus gjera si makt gjeldande. Det reiser seg mektig motstand, men ingen motstand kan stoppa Gud. Hans kyrkje opplever tilbakeslag, men hovudtendensen er klår: Det går på fram.

v.30 opnar perspektivet enno meir: Alle mektige skal bøya seg. Dei med makt er dei hardaste nøttene, ofte. Men også desse skal bli fanga av stormen og tvinga i kne framfor himmelens Gud. "Alle som stig ned i støvet" er alle dødelege. Verset vert avslutta med ei personleg vedkjenning: "Men eg lever for han!" Det burde alle menneske seia, for det er det me er skapte, fødde og kalla til.

v.31-32:  Kyrkja er Messias` ætt. Ho skal tena Herren og fortelja om han til komande slekter. Ho skal aldri døy, aldri bli borte, men leva og løfta opp den levande Kristus for alle generasjonar, og kunngjera gjennom historia at Herren har synt si rettferd ved å døma han som var uskuldig til døden og frikjenna og gje evig liv til alle skuldige.