Viser innlegg med etiketten Matteusevangeliet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Matteusevangeliet. Vis alle innlegg

lørdag 14. november 2026

Matteusevangeliet 1,18-25

 Dette avsnittet innleier juleevangeliet hos Matteus. 

Maria var ei ung kvinne, ei møy som hadde blitt gravid ved Den heilage ande. Josef, som var trulova med henne, hadde vanskar med å tru at dette var sant, og ville skilja seg frå henne så stille som mogeleg. Han var svært glad i Maria, og ville henne berre godt, så dette må ha vore uvanleg tunge dagar for Josef. Eit spørsmål som sikkert plaga han meir enn noko anna var dette: Ville dei steina henne? Det var jo ein fare for det. 

Men så fekk Josef englebesøk, slik som Maria i følgje Lukas 1 også hadde hatt. 

Engelen stadfeste for Josef i ein draum at barnet under Marias hjarta var avla ved Den heilage ande. Så gav han Josef ansvaret for barnet og mora, og han skulle gje guten som dei venta namnet Jesus, eller Yeshua som er den hebraiske versjonen av namnet. Det tyder "Herren er frelse". Det skulle han heita fordi han skulle "frelsa folket sitt frå syndene deira." 

Israel er Guds folk. Dei skal altså ein dag bli frelst frå syndene sine. Det skal Jesus sørga for. Objektivt vart dei, som alle oss andre, frelste frå syndene sine då Jesus døydde på krossen for oss. Guds frelse er ferdig. Men subjektivt må kvart menneske ta imot den frelse som Jesus har stelt i stand for oss. Det gjeld Israels barn, og alle oss andre. Men den lovnaden som ligg i denne teksten fortel oss at ein dag skal heile Israel bli frelst, at Jesus ein dag skal utrydda all gudløyse i Jakob (Jakob er eit anna namn på Israel), som Paulus formulerer det i Romarbrevet 11. 

Når det vart sagt om Jesus at "han skal fria folket sitt frå syndene deira," kan det ikkje gjelda oss heidningar, for me blir nemleg ein del av Guds folk når me blir frelst frå syndene våre, ikkje før. 

Matteus markerer så at dette hende for at profetien i Jesaja 7 skulle oppfyllast som sa at ei møy skulle bli med barn, og barnet skulle kallast Immanuel som tyder "Gud med oss". To ting her: 1) Matteus lenkar det som skjedde med Jesus til profetord i GT. Han skriv evangeliet sitt primært for jødar. 2) Gud er med alle som har Jesus i liva sine. 

Etter denne draumen gifta Josef seg med Maria og tok henne heim til seg, men dei hadde ikkje seksuell omgang før Jesus vart fødd. 

onsdag 7. oktober 2026

Matteusevangeliet 1,1-17

 Dette avsnittet gjev oss eit oversyn over Jesu slektstavle, og lenkjer Det nye testamentet solid til Det gamle testamentet. 

Vers 1 markerer at Jesus er etterkomar av David og Abraham, dei to mest sentrale personane i jødefolket sin historie. Abraham er stamfar nr.1, og kong David var den rettferdige kongen som regjerte over eit rike som er langt større enn dagens Israel. Jesus var etterkomarar etter dei begge, og kom for å verkeleggjera det desse to hadde stått for og fått openberringar om. 

Vers 2-17 utgjer sjølve slektstavla bak til Abraham. Matteus markerer at det er 14 ledd mellom Abraham og David, 14 mellom David og eksilet i Babylon og 14 ledd mellom bortføinga skjedde til Jesus Meesias vart fødd. 

Kanskje vil han med dette antyda at det er ein viss matematisk rytme i det Gud gjer. Mange har vore inne på det. Det er i alle fall ein eigen talsymbolikk i Bibelen der 7-talet er eit fullkome tal, og 14 er jo det doble av 7, kva no enn det måtte bety. 

Det er tre kvinner som er nemnde i Jesu ættetavle: Rahab, kanaanearkvinna som levde som prostituert før ho vart innlemma i Israel , Rut som var ei moabittiske heidningekvinne og "kona til Uria", Batseba, som David hadde eit illegitimt forhold til, ei historie som gjorde han ansvarleg for Urias død.  

Jesu slekt var som andre slekter, full av litt av kvart. Men Gud vaka både over aktørane, og over det som hende, og let seg ikkje hindra av synd og uforstand. Går me gjennom kongerekka her finn me folk som gjorde forferdelege ting, som svikta Gud, landet og folket sitt. Det var regelen meir enn unnataket. Men i denne falne og frynsete slekta vart Jesus fødd inn for å frelsa alle falne syndarar, og det gjorde han ved å identifisera seg med dei. Men det skal me koma rikeleg attende til seinare.