tirsdag 26. mai 2026

Salme 147

 Vers 1:  Å lovsynga Herren er godt, herleg og rett. Det skulle motivera oss alle til å lovsyngja Gud kvar einaste dag. Det vil revolusjonera kristenliva til mange. 

Vidaer er vers 1-3 er profetisk og handlar om vår tid då Herren byggjer Jerusalem og samlar Israels folk i Israels land for å frelsa dei inn i sitt rike og lækja hjarto deira.

Parallelt  med at Gud samlar jødane i Israel, byggjer Kristus kyrkja si i verda. Han samlar fhan olkeslaga om sitt ord og i sitt rike. Verdsvekkinga og samlinga av Israel er begge oppfylling av desse versa. Og i Romarbrevet 11 ser me at desse to veldige guddommelege inngripa i slutten av historia heng tett saman på alle vis. 

Vers 4-6. Her får me innsikt i Guds stordom, makt, klokskap og kunnskap. Alt dette brukar han til å halda dei hjelpelause oppe, og til å bøya dei urettferdige til jorda. I audmjuk tilstsand kan dei forhåpentlegvis bli mottakelege for nåde. 

I vers 7 blir lesaren oppfordra til meir lovsong. Det blir aldri nok. 

Vers 8-11 inneheld mykje skapingsteologi. Gud sørger for vekstvilkår i naturen og mat til dyra. Han let seg ikkje så lett imponera av det som me synst er flott, men han gleder seg over alle som fryktar og elskar han, og som ventar på hans miskunn, dvs dei som ventar på at han skal svara på bønene deira. 

Vers 12-14 handlar om at Gud velsignar Jerusalem og Israels land. Han sørger for eit sterkt forsvar, fred og brød av det beste kveitekornet. Barn er i seg sjølv ei velsigning, og denne velsigninga blir sjølv velsigna av Herren. 

v.15. Når Guds ord blir forkynt på ein sann måte. blir det skapt tru og liv over alt. Folk vert vekt opp frå åndeleg død til åndeleg liv. Og det hastar. Altfor mange menneske glir inn i det evige mørket kvar einaste dag utan at dei kan reddast fordi ingen har vitna om Jesus for dei. Men i denne  siste tida skal Ordet om Jesus lyda for alle menneske. 

v.16-18: Som snøen og rimen dekker heile landskapet, skal Guds ord i vår tid forkynnast for alle menneske over heile jorda. Vatnet som strøymer må jo vera eit bilete på Den Heilage Ande som Herren renn ut over si kyrkje. Det blir stadfesta i vers 18 med at "han pustar". Herrens pust er Herrens Ande, hans andedrag. 

Vers 19 - 20 markerer Israels særstilling i historia. Det var DETTE folket som fekk Herrens ord. Me andre måtte få det frå dei. 

Ingen kommentarer: