5 Måtte alle som hatar Sion,
dra seg tilbake med skam!
6 Måtte dei bli lik gras på taket,
som visnar før ein får slege det.
7 Den som haustar det, får ikkje handa full,
den som samlar, får ikkje fanget fylt,
8 dei som fer framom, seier ikkje:
Herrens velsigning vere over dykk!
Vi velsignar dykk i Herrens namn!
Det er lov å be om at alle gudlause ideologiar og krefter skal visna bort og forsvinna ut av historien. Det er lov å be om at alle som reiser seg mot Kristus, hans ord i Bibelen og hans sanne kyrkje skal rykkast opp før dei blomstrar. Det er lov å be om at alle som ønskjer å stoppa munnen på Kristi vitner i verda sjølv skal måtta teia. Det er det som skjer i dette avsnittet. Sion er Guds forsamling, og alle som hatar denne forsamlinga, hatar også Gud og hans ord. Dei stenger Guds velsigning ute frå liva sine.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar