Ein song til festreisene.
Sæl er den som fryktar Herren
og går på hans vegar.
2 Du får nyta frukta av ditt strev.
Sæl er du, det skal gå deg vel
3 Kona di er som ein fruktbar vinstokk inne i ditt hus,
borna er som unge oliventre rundt bordet.
4 Ja, slik blir ein mann velsigna
når han fryktar Herren.
5 Herren velsigne deg frå Sion
så du får nyta Jerusalems lukke alle dine dagar!
6 Måtte du sjå born av dine born!
Fred over Israel!
Vers 1-2 er fulle av gode løfter til den som går på Herrens vegar, løfter som gjeld for dei som fryktar Herren. dvs dei som trur på Jesus og lyder hans livslover. Den som trur og lever slik skal få nyta frukta av si gjerning, og det skal gå godt for han. Ganske forlokkande, ikkje sant?
v.3. Som i Salme 127 blir det her poengtert at barn er ein stor rikdom. Oliventre var gjerne ein families kapital, og jo fleire ein hadde, jo større var rikdomen. I dag er barnefattigdomen blitt epidemisk i heile den vestlege verda, og følgjene av denne galskapen begynner sakte, men sikkert, å gå opp for oss når me no ser effekten ved at folketalet går ned og det blir etterkvart umogeleg for oss å skaffa folk til alle stillingane som skal fyllast i samfunnet. Me har effektive prevensjonsmiddel noko som i stor grad har fremja seksuell lauslivnad og umoral, og i tillegg har me kasta millionvis av unnfanga menneskeliv i søpla. Provosert abort er ikkje berre 3. verdskrig, det er moderne blodoffer til Satan. "Dette er min kropp," sa Jesus om nattverdsbrødet, så gav han livet sitt som eit offer for våre synder. "Dette er min kropp," seier kvinna, og så ofrar ho barnet sitt og pådreg seg blodskuld.
v.4 Ein gift mann som fryktar Herren blir velsigna med fruktbar kone og mange barn. Men her må eg leggja til: Dersom Herren ikkje har andre spesifikke planar for livet hans. For det skjer at ein kristen får eit ansvarsområde som ikkje lett let seg kombinera med barn.
I v.5 uttaler salmisten eit sterkt ønskje om at lesaren må få nyta Jerusalems lukke. Kva var det? Kva var det Jerusalem hadde som ingen andre byar hadde? Guds tempel, og med det hans nærvær. Alt det me no har i Kristus, hadde Israel i tempelet, og me kan nyta Guds nærvær på ein måte som israelittane aldri kunne gjera det før han kom. Men dei truande i Israel kjende seg rike om dei fekk vera ei stund i Herrens føregardar. Ein dag der var for dei betre enn tusen andre (Salme 84:11) Men me for vår del som kjenner Jesus og er blitt rettferdiggjort ved trua på han, kan gå heilt inn til Gud og nyta hans velbehag uavkorta så ofte me måtte ynskja det.
Jerusalems lukke er også den lukke me kan oppleva i kyrkjelyden når me erfarer Guds nærvær og hans mektige gjerningar, når det kjem vekking og nytt liv, når folk vert frelste frå sine synder, lækte for sine sjukdomar og kvitt sine demoniske plager.
v.6 går eit hakk vidare og snakkar om barnebarn, som alle opplever som ei enorm velsigning, ein bonus utan sidestykke i livet, ein rikdom som ikkje kan målast i pengar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar