onsdag 4. september 2024

Salme 127:1

 Ein song til festreisene. Av Salomo.

Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene fåfengt. Dersom Herren ikkje vaktar byen, vaker vaktmannen fåfengt.

Jesus sa til Peter etter at denne hadde identifisert han som "Messias, den levande Guds Son": "Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje." 

Eg meiner at Jesus har Salme 127 i tankane når han seier dette. Jesus er nemleg oppteken av å byggja sitt tempel av levande steinar (som Peter sjølv uttrykkjer dette i sitt første brev kapittel 2), dvs av levande mennesker, noko som i denne settingen tyder frelste, tilgjevne og atterfødde mennesker med Jesus i hjarto sine. 

Det er eit viktig poeng eg vil peika på her: Jesus er oppteken av å byggja si kyrkje, og han gjer det ved å byggja lokale kyrkjelydar. Nokon annan måte å gjera dette på fin me ikkje skissert i Bibelen. Likevel er kristne ofte opptekne av å byggja opp organisasjonar som innrettar arbeidet sitt mot spesielle behov eller grupper. Men dersom dette hindrar vitaliteten og krafta til den lokale kyrkjelyden, ligg det utan tvil ei feilprioritering her, for Jesus byggjer kyrkje, og då handlar det om lokale kyrkjelydar. Vil du vera med på det som Jesus held på med? Då må du vigsla deg til den lokale kyrkjelyden, vinna nye mennesker for han, slusa dei inn i kyrkjelyden og fostra dei til å bli i stand til å gjera nyvinningar i dei miljøa dei fartar i. 

Det er ingen grunn til å tru og tenkja at Jesus ikkje skulle stilla opp som byggmeister når kristne bestemmer seg for å planta og byggja kyrkje på ein ny plass. Sjølvsagt gjer han det, han frydar seg over at nokon har lyst og tenkjer som han. Men det er viktig at dei truande har nærkontakt med han, blir leida av han og at dei jobbar som han jobba, nemleg gjennom disippelskap. Elles er eg redd for at det dei gjer blir til liten eller ingen nytte, og at produktet vert utan varig frukt. 

Bøn:

Å Herre! Du har sendt oss ut i verda for å bera frukt, frukt som varer. Hjelp oss at me jobbar saman med deg, under di leiing. Gje oss øyrer som høyrer det du seier, og leid oss ved Den Heilage Ande. Eg ber i ditt namn. Amen! 

Ingen kommentarer: