tirsdag 5. mars 2024

Salme 120

Ein song til festreisene.

Eg ropa til Herren i mi naud,

og han svara meg.

2  Herre, berg meg frå lepper som lyg,

frå tunger fulle av svik!

3 Kva skal han gje deg, du svikefulle tunge,

kva meir skal han la deg få?

4 Stridsmannens kvasse piler

og brennande kol frå gyvelbusken!

5 Ve meg! Eg er innflyttar i Mesjek,

eg bur mellom Kedars telt!

6 Altfor lenge har eg budd

mellom folk som hatar fred.

7 Eg er fred,

men om eg talar,

går dei til krig.

mellom folk som hatar fred.

Her startar ein serie med salmer (Salme 120-134) som israelittane song då dei tre gonger i året gjekk opp til Jerusalem for å feira påske, pinse og lauvhyttefesten. Dette var vandringsviser med sterkt teologisk/åndeleg innhald. Det er gjerne Israel som er subjektet, eg-personen,  i desse salmane. 

Men dette er naturlegvis også salmer for oss som er kristne, for me er jo pilegrimar, på vandring mot himmellandet, mot det himmelske Jerusalem. 

v. 1. Israelsfolket hadde, og har, opplevd mykje naud og smerte gjennom historia. Det toppa seg då Hitler-Tyskland klarte å ta livet av 6 millionar av dei frå 1942 til 45, og det ser ikkje ut til at det vil ta slutt før Jesus kjem attende for å attreisa riket for Israel. For det skal han. Men Israel er aldri overlaten til seg sjølv. Herren er med dei, og når Israel ropar til Herren i si naud, svarer han og friar dei ut. Det er ei erfaring som er veldig sterk i Israels historie. Difor eksisterer nasjonen og folket framleis, og vil alltid gjera det. 

Slik også Kristi sanne kyrkje i verda, me som ved trua på Jesus er påkopla lovnadane Gud gav Israel i GT. Forfølgingane har vore mange og store. Og i våre tid er 360 millionar kristne i verda utsette for ulike former for fysiske, sosiale eller økonomiske overgrep, og mange blir rettsforfølgde av ulike vikarierande grunnar, og stadig møter dei klagemål frå "lipper som lyg", slik som Jesus også gjorde det på langfredag (v.2). Og knapt nokon har gjennom historia blitt loge på som det jødiske folket. Dei er blitt skulda for alt som har gått galt i verda frå svartedauden til børskrakket i 1929. Men Gud noterer seg alle løgnene, og dei som serverer dei vil møta hans strenge dom (v.3-4). Trass i alt dette lever både kyrkja og Israel, og kyrkja er større enn nokon gong før, og talet på kristne aukar omtrent like fort som verdas befolkning, og truande over heile verda kan stadfesta at Gud er ein gud som svarar når hans folk ber han om hjelp. 

v.5-6 myntar på Israel i diasporaen, og den lengste i så måte starta i år 135 e.Kr., og trass i at staten Israel vart oppretta i 1948 som ein tilfluktsplass for verdas jødar, er det mange som framleis lever i andre land, og i skrivande stund er norske jødar livredde for å syna kven dei er, mennene er livredde for å gå med kippa, kvinnene gøymer davidsstjernesmykkene sine, livredde for å bli utsett for vald og overgrep. Men dei skal også attende til Israels land, og der skal dei vera trygge og møta Herren som skal gjenføda dei og fetla om såra deira. 

Men som kristne er me også i framand land, les me i Hebrearbrevet, utlendingar i denne verda på veg mot vårt himmelske fedreland. Men me er her for ein hensikt: Me skal føra denne verdas barn til Gud slik at dei kan ha ei framtid og ikkje gå fortapt. Det er ei stor sak. Me kjem til folk og byr dei om å venda om slik at dei kan få fred med Gud. Nokre tek imot Guds ord. Men det er fleire som steilar og yt motstand. Men alt dette er kortvarig, og lite å klaga over, eigentleg.



Ingen kommentarer: