tirsdag 9. januar 2024

Salme 119,161-165

 161 Stormenn jagar meg utan grunn,

men i hjartet fryktar eg ditt ord.

162 Eg gleder meg over ditt ord

lik ein som vinn stort krigsbytte.

163 Eg hatar og avskyr løgn,

men eg elskar di lov.

164 Sju gonger om dagen lovsyng eg deg

for dine rettferdige lover.

165 Stor fred har dei som elskar di lov,

ingen ting får dei til å snubla.

Salmisten vert jaga av stormenn, menn med stor makt og innflytelse. Dette er den type forfølging som så mange kristne blir utsette for i vår tid, og som får mange til å bøya av. Men det er ein som er større enn stormennene, og det er Gud, og salmisten fryktar Guds ord meir enn stormennene, difor held han fast ved trua og forkynninga av denne trass i trugsmål og åtak. 

 Å frykta Guds ord er å rekna det som sant og gyldig, og alle som gjer det, blir veldig glad i Guds ord, ser verdien av det og tek vare på det som den største av alle skattar. Og det er det, for det er dette ordet som vil føra oss trygt fram til Gud på den andre sida av dødens elv. 

Salmisten hatar og avskyr løgn. Løgn er ikkje berre simpelt bedrageri eller uærlegdom, men einkvar ideologi og religion som forfektar noko som sant og godt som er i strid med Bibelens ord om korleis røyndomen er og korleis livet skal levast. 

Vers 164 skildrar salmisten bønelivet sitt. Og du verda. Han har sju faste møtepunkt med Gud kvar dag der han lovsyng Herren og prisar han for hans rettferdige lover. Ein person som lever slik, får stor fred (vers 165), og det er jo tiltrekkjande, og han/ho blir sjølvsagt veldig prega av Gud. Og så er det noko som er veldig fint: han/ho blir ståande fast i Gud og hos Gud gjennom dei tyngste freistingar og prøvingar som du kan tenkja deg. Det visste denne mannen, for han vart jo jaga av stormenn, og han må ha kjent på freistinga til å bøya av og jenka seg. 

Ingen kommentarer: