torsdag 2. februar 2023

Salme 119,46

 46 Eg vil tala for kongar om dine lovbod,

          og eg skal ikkje bli til skamme.


Dette verset dreg opp svimlande perspektiv for ein kristen. Når eg les det tenkjer eg på profetane i Det gamle testamentet. Dei fekk ofte ord frå Herren til kongar og andre mektige menn, og då var det berre å gå og banka på døra og overbringa bodskapen om han var søt eller sur. 

I Det nye testamentet tenkjer eg på døyparen Johannes som gjekk til Herodes og kritisert han for å ha gifta seg med kona til broren sin. Slik braut han det 6.bodet; Du skal ikkje bryta ekteskapet. Det kom til å kosta Johannes livet. 

Å bringa ord frå Herren til menn med makt kan vera ein risikabel sport. 

Kongar, regjeringar og parlament må vita at dei står under Gud, og at han vil døma dei etter sine lover. Det vil gå dei godt om dei held seg til Gud, og då blir dei til velsigning. Ignorerer dei han og lovene hans, blir dei til sorg for alle.

Difor må Guds lover fokynnast for dei, og denne salmisten ville gjerne ta på seg den oppgåva. Han tenkte sikkert: Kongane er strategiske folk å nå med Guds ord. 

Men dei treng også å høyra evangeliet. Mektige er også syndarar som treng frelse. Dei er like viktige for Gud som du og meg. Korleis kjem me oss inn på ei slik misjonsmark?

Jesus sa til disiplane sine i Matteus 10,18-20:  "Og for mi skuld skal de førast fram for landshovdingar og kongar og vitna for dei og for heidningane. 19 Men når dei arresterer dykk, så ver ikkje urolege for korleis de skal ordleggja dykk, eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda. 20 For det er ikkje de som talar; det er Anden til Far dykkar som talar gjennom dykk."

Dette er eit perspektiv på forfølging som ikkje er nemneverdig omtalt. Men Jesus seier faktisk  at poenget med å tillata folk å forfølga kristne er å få forkynt evangeliet for dei mektige som elles er isolerte frå Guds ord. Og det fine er at han lover at Anden skal gje dei ord når dei blir konfronterte med "brotsverka" sine. Og dette er ei erfaring som mange av verdas kristne kan vitna om. Gud er trufast. Han let dei ikkje bli til skamme, dvs bli ståande som taparar. Sjølv om dei må gje liva sine for Kristus, er dei vinnarar. 






Ingen kommentarer: