mandag 23. januar 2023

Salme 119,41-44

 Herre, lat di miskunn koma til meg,

          og di frelse, slik du har sagt!
          
   
 42 Då kan eg gje spottaren svar,
          for eg lit på ditt ord.
          
   
 43 Riv ikkje sanningsordet ut or min munn,
          for eg ventar på dine lover.
          
   
 44 Då vil eg stadig halda di lov,
          for evig og alltid.

I vers 41 ber salmisten om at Guds miskunn og frelse må koma til han, slik som Gud har lova. Ordet frelse betyr i Bibelen både frelse frå synd og frå synda sine konsekvensar. Salmisten er sjølvsagt eit frelst menneske, men han er plaga av folk som vil han vondt (v.42). Han ber om å få ord å svara dei med som er så råkande at dei sluttar å plaga han. Det er lett å lesa Jesus inn i denne personen. Han fekk ord frå Den Heilage Ande når han trong dei, og motstandarane gjekk ofte slukørte bort frå han. Men då det stunda til den tid då han skulle døy for våre synder, var han stille. Han kunne lett ha avvæpna alle som gjekk til verbale åtak på han, men han tagde. Det var i kjærleik til meg og deg. 
I vers 43 ber han om å få vera ein ambassadør for sanninga, dvs Guds sanning. Salmisten forkynner Guds ord, men å forkynning er ferskvare. Me som forkynner Bibelen, gjer det i nært samarbeid med Den Heilage Ande. Han forklarar, levandegjer og aktualiserer Guds ord for oss slik at me kan formidla det vidare til menneskehjarto. Det tyngste ein forkynnar kan oppleva er at han ikkje lenger finn Guds sanningar, at dei er rivne ut or munnen hans. Då kan han like gjerne teia still. Det einaste som kan skapa tru og liv er dei orda som går ut frå Guds munn. Men dei vender til gjengjeld aldri tomme tilbake, men fullfører lukkeleg det dei er sende til å gjera. 
Vers 44 er heftig. Dersom Gud vil høyra han på dette, vil salmisten halda lova hans for evig og alltid.  Det er litt av ein lovnad å gje. Å halda lova slik lova lærer oss å leva, kunne berre Jesus. Men me andra kan halda ho på den måten at me held det som står der for sant og gyldig, ja, har Guds lover som mal for liva våre. Og kanskje er det slik me skal forstå salmisten her.  Og så vil han gjera dette for evig og alltid, noko som syner oss at også i Det gamle testamentet visste dei heilage om det evige livet. 

Ingen kommentarer: