torsdag 3. november 2022

Salme 116,1-4

 Eg elskar Herren,

          for han høyrde mitt rop om nåde.
          
   
  2 Han vende øyret til meg,
          eg vil kalla på han alle mine dagar.
          
   
  3 Dødens band snørte seg om meg,
          redsler frå dødsriket nådde meg,
          eg fann berre naud og sorg.
          
   
  4 Då kalla eg på Herrens namn:
          «Å, Herre, berg livet mitt!»

Denne salma er skriven ut frå ei sterk erfaring. Salmisten må ha vore i den  største livsfare utan det minste håp om berging, og han må ha vore forferdeleg redd, det ser me av uttrykka "dødens band snørte seg om meg" og "redsler frå dødsriket nådde meg". Smak litt på desse uttrykka. Døden var som ein kvelarslange som hadde slynga seg om kroppen hans for å pressa livet ut av han, og den klaustrofobiske angsten, redslene frå dødsriket var ikkje å halda ut. Det var berre ein ting å gjera: Å kalla på Herren. "Å Herre, berg mitt liv!" Herren står over døden og er sterkare enn døden. Det har alltid vore slik, både i GT og i NT, og han demonstrerte sin suverenitet 1.påskedag då han stod opp frå dei døde og undertrykte døden for evig. Difor, når døden melder seg for tidleg, ropar me også til Herren Jesus desse sterke bøneorda: "Herre, berg mitt liv!" 
Salmisten fekk hjelp. Døden måtte sleppa taket. Herren vart han for sterk. Og resultatet på det som skjedde er berre så nydeleg: Kjærleiken til Gud flamma opp i salmisten sitt hjarta, og han tok pennen fatt for å dela vitnemålet sitt med andre, og Herren tok vare på det og slik at me 3000 år seinare kan fryda oss saman med han som fekk hjelp og dei mange millionane som har gjort same erfaring. 

Ingen kommentarer: