tirsdag 21. juni 2022

Salme 107,33-38

         33 Han gjorde elvar til ørken,
vassrike kjelder til tørstande land      

    34 og grøderik jord til salt,
          for dei som budde der, var vonde.
          
   
 35 Han gjorde ørken til innsjø,
          tørt land til vassrike kjelder.
          
   
 36 Der lét han dei svoltne slå seg ned,
          dei grunnla ein by der dei kunne bu.
          
   
 37 Dei sådde åkrane til og planta vinmarker
          som bar fram grøde dei kunne hausta.
          
   
 38 Han velsigna dei, og dei vart talrike,
          han lét dei ikkje mangla fe.

Vers 33-34. Tørke er ikkje berre ein følgje av klimaendringar. Ofte er det Guds dom over eit samfunn som har gjeve rom for vondskap. 

v.35 Men Gud snur lett forbanning til velsigning når menneska vender om til han av heile sitt hjarta. Då blir ørken til innsjø, og tørt land til vassrike kjelder. 

Som ein parentes: Ei gjennomgripande kristen vekking vil vera svært effektivt mot øydeleggjande klimaendringar. Mangt av det me ser i dag av naturøydelegging, er Guds respons på at menneska snur seg bort frå han og i sin arroganse etablerer nye standardar for rett og galt, vondt og godt.

Skal me allegorisera litt her, og det kan me, handlar dette fort om kyrkjelyden. Gjev me rom for vondskap, vil Anden halda sitt livgjevande vatn attende, og kyrkjelyden tørkar bort. Men vender me om frå vår vondskap, frå vår uærlegdom, dømmesjuke og aggresjon, snur han og auser velsigninga si over oss, og nytt liv spirer fram mellom oss. Då vil dei svoltne slå seg ned mellom oss, dei som hungrar etter rettferd, dvs frelse. Då kjem dei, og dei, blir kjent med Jesus, og me fostrar og utrustar dei slik at dei kan gå ut frå oss og grunnleggja nye byar, planta nye kyrkjelydar i områder der det er få truande, og når dei sår ut Guds ord på jomfrueleg mark, vil det slå rot i folks hjarte og det blir ein stor haust. Dei blir talrike, og dei manglar ikkje fe, dvs Gud velsignar dei også økonomisk slik at dei kan investera og ekspandera vidare. 





Ingen kommentarer: