fredag 29. mai 2020

Salme 85,8

Lat oss få sjå di miskunn, Herre,
          gjev oss di frelse!


For ei bøn å be. Men kva ber salmisten om? Kva er det å sjå Guds miskunn? Det må me få grep på. 

Då israelittane stod ved Raudehavet og var omringa av den egyptiske hæren, var dei ganske sikre på at alt håp var ute. Då erfarte dei eit frelsesunder utover alt dei kunne tenkja seg: Raudehavet opna seg, og dei kunne går tørrskodd over medan egyptarhæren drukna i det frådande havet. Israelsfolket fekk sjå Guds miskunn, og dei vart frelste frå ei overmakt som hadde plaga dei med slavepisken i 400 år. 

Gud er miskunnsam. Det er eit karaktertrekk ved Gud. Og bak hans frelse, ligg alltid hans miskunn. Den er evig. Det er berre slik Gud er, full av medkjensle med alle menneske. Men dei som fornektar Gud og som forfølgjer sine medmenneske, blir råka av Guds rettferdige dom, slik som egyptarane me les om i 2.Mosebok. I si miskunn mot Israel, måtte Gud dømma egyptarane. 

Det var pga Guds store miskunn at Jesus kom til jorda for å frelsa oss frå våre synder. Dei som opplevde Jesus i levande live, fekk sjå hans miskunn i aksjon kvar einaste dag. Han hadde inderleg medkjensle med folket, står det, og difor lækte han dei frå alskens sjukdomar, dreiv ut dei vonde åndene som plaga dei, trøysta sørgande ved å vekka opp deira døde, og gav folk tilgjeving for alskens skammelege synder dei hadde gjort og løyste dei frå vonde lyster. Det var oppreising å få hos Jesus, og det er det den dag i dag for alle som vender seg til han og ber. Det er å tru, og den som trur skal ikkje bli til skamme, eller bli skuffa. 

Me ber: "Herre, syn oss di miskunn og gjev oss di frelse!" Kva ber me om? At alt som skjedde av gode ting rundt Jesus og apostlane i Det nye testamentet også skal skje hos oss i vår tid. At du som sit fast i ein fortvila situasjon skal løysast ut av denne i Jesu namn. Me ber om at skarar av menneske skal haustast inn i Guds rike, at kyrkjelydane skal fyllast av jublande menneske som til si store overrasking fann Gud. Me ber om at Guds frelse i Jesus Kristus skal formidlast til liten og stor, fattig og rik, høg og låg og bli mottatt av alle med stor takksemd. Me ber om forvandling i samfunnet vårt, at marknaden for syndig påverknad bli så liten at alle som produserer slik svineri går konkurs. Ja, det er det me ber om. Lat det skje Herre, i ditt eige namn. Høyr og bønhøyr oss for Jesu skuld. Amen! 




Ingen kommentarer: