lørdag 18. mai 2019

Salme 71,17-24

v.17. Salmisten var lært opp av Gud frå ungdommen av, frå barnsbein. Opplært til kva? Å fortelja om Guds under. Kva under? Gamle og nye. Bibelske og sjølvopplevde. 

v.18. Salmisten er redd for at Gud skal gå frå han når han blir gamal og grå. At han skal missa Guds kraft, og tapa sitt "kristne" engasjement. Han vil så gjerne dela Guds ord og nærvær med barna, den komande slekta. Han ser for seg at det største og viktigaste i livet skal gå dei hus forbi, at dei ikkje skal få sjansen til å bli kjent med Gud. Ein slik frykt er på ingen måte grunnlaus. Fråfall i høg alder skjer, og stadig har det dukka opp nye generasjonar som er blitt åndeleg forsømte av foreldregenerasjonen. Då stoppar Guds planar med etterslekta opp. 

v.19 inneheld ei vedkjenning og eit retorisk spørsmål der svaret er gjeve: Det er ingen som Gud! 
v.20 fører tankane våre til Jesu oppstode, men kan også passa på den enkle sanninga at ein dag skal også ME bli løfta opp frå djupa under jorda. At Gud let sine barn sjå trengsler og ulukke er ein kjent tanke i Bibelen, t.d. i Apg.14,22. 


v.21 er ei bøn om trøyst og reetablert stordom for ein som var stor, men som hadde blitt liten. Er me i Jesussporet her, kan me tenkja på Fil 2,8 ff. Elles er det unorsk, men bibelsk for kristne å be om å få stordom, dvs koma i innflytelsesrike posisjonar. 
          
 v.22. Harpe og lyre er instrument som Gud likar lyden av. Han frydar seg over eit godt komp.


v.24. syner at salmisten har eit hjarta som er fylt av Gud sidan han dagen lang vil tala om Guds rettferd. 
Det er ikkje slik at hjarta nødvendigvis er fullt av Gud om folk snakka om Gud, men er hjarta fullt av Gud, pratar folk om Gud. Bakgrunnen for salmisten sin begeistring er at Gud har fridd han frå fiendane hans. 

Ingen kommentarer: