fredag 24. mars 2017

Salme 56,1-8

v.1 inneheld truleg opplysningar om melodi og sjanger.

v.2-3 er ei bøn om Guds nådige hjelp mot ei sterk overmakt, eit kjent motiv i salmane, og så ofte ein velkjent situasjon for Guds barn i verda.

v.4-5 uttrykkjer uvanleg sterk tru. Han er redd, men vel å stola på Gud, og då legg frykten seg. Det er godt for eit menneske å kunna stola på Gud. David "prisar Guds ord", står det. Gud bur i sitt ord. Det avspeglar hans hjarta og hans planar, og det formidlar Gud til den som les for å bli opplyst. Også i vers 11 blir Davids glede og takksemja for Herrens gode ord framheva.

v.6-7 skildrar korleis David opplever fiendane sine og korleis han oppfattar motiva deira. "Dei vrir på orda mine," seier han, ikkje eit uvanleg problem i eit heftig ordskifte. Det er umogeleg å diskutera med folk som på førehand har bestemt seg for kva som er rett, og som ikkje er interessert i å finna sanninga, berre å vinna. Då vrir og vender dei på alt som er sagt for å få stadfesta sin eigen posisjon.

v.8 er eit spørsmål til Gud om desse dårlege menneska skal sleppa unna med sin urett. Om Gud berre skal la alt dette fanteriet passera. Nei, det må han for all del ikkje, synest David. Han ber i staden om at Gud skal støyta ned folk som driv på på denne måten.

Det er ein sentral tanke i Bibelen at Gud fornedrar dei som øpphøgjar seg sjølv, og det er legitimt å be Gud om å dømma og fornedra dei som undertrykkjer og skadar andre.

Guds vreide er Guds heilage og negative reaksjon på synd og skadeverk. Bibelen talar mykje om Guds vreide.

Ingen kommentarer: