tirsdag 16. februar 2016

Salme 48

vers 1-4 er eit vidunderleg avsnitt for alle kristne som forstår kyrkja si betydning, og som elskar sine kristne søsken. Det er i kyrkjelyden Guds stordom vert openberra for verda. Gud er stor i sin by, og Guds by er Guds fellesskap.

Liksom Guds by er eit uttrykk for Guds fellesskap, så er Sionfjellet eit uttrykk for Kristus, det fjellet som kyrkja byggjer sin eksistens på. For ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som ER lagt, Jesus Kristus (1.Kor. 3,11)

Kyrkjelyden er vakker, og han ei glede for heile jorda. Trass i nok av synder og skavankar, er det mange menneske over heile verda som opplever frelse og lækjedom gjennom kyrkja kva einaste dag. Altså til og med i dag er Guds by til glede for heile jorda. Likevel trur eg  vers 3 uttrykker Guds draum for oss, at me skal bli enno vakrare, meir og meir lik Han, slik at frelsesgleda også kan høyrast over alt på Stord, i Noreg og i Europa.

Liksom det som her blir sagt om Guds by og Guds fjell må forståast i overført betydning, så er det også slik med v.5-8. Kongane her er mektige åndefyrstar som slår seg saman for å knusa Guds kyrkje og Guds frelsesplan. Særleg i avslutningsfasen, som me er inne i no, vil åtaka på Guds kyrkje bli kraftig. Men til inga nytte. Til slutt vil dei vonde åndene kapitulera overfor ei kyrkje der Gud er nær, og som er full av Den Heilage Ande og kraft. Ei kyrkje pynta og prega av Gud, er ei sigrande kyrkje som vernar samfunnet mot vondskapen.  

v. 9: Endetidskyrkja vil vera ei mirakuløs kyrkje, ei kyrkje der dei under Jesus gjorde i sitt jordeliv vert vanlege å erfara og observera. Og folk vitnar: "Det vi høyrde før, har vi no sett." Kor? I Guds by, den som Gud sjølv held oppe til evig tid. 

Det siste setninga er til stor trøyst for kyrkjelydar som held på å bli knust av forfølgarar, eller som slit med oppslutninga: Det er Gud som held oss oppe, og det gjer han til evig tid.

v. 10: Guds tempel er ein annan metafor for Guds kyrkje. Der tenkjer vi på hans miskunn. Guds kyrkje er eit bønehus. Der skal det vera rom for stillhet og ettertanke. Der skal me koma saman og fordjupa oss i Gud i lovsong, tilbeding og meditasjon.


v.11 Guds namn er identisk med Gud sjølv. Der folk blir kjent med Gud, strøymer lovsongen fram. Det er alltid slik. Det evige livet er nemleg å kjenna Gud, seier Jesus i Johannes 17, og syndarar som blir kjent med Gud, blir alltid så glade og fegne. "Tenk, Gud elskar meg!"  Lovsongen blir ein automatisk respons på hans godleik, den som gjennom kyrkja blir gjort kjent heilt til endane av jorda. At Guds høgre hand er full av rettferd, betyr at Gud handlar til frelse alle plassar der han får lovsong.
         
.
v.12 Og når nyheitane om Guds frelse frå fjerne himmelstrok når Guds kyrkje, aukar lovsongen i styrke. Me høyrer om vekkjing i Iran og Kina, og me blir elleville av begeistring og vil gjerne ha meir av slike nyheiter. Kristne menneske tenkjer globalt. Misjonen er deira hjartesak. Og nytt frå misjonsmarka er lettare å få tak i enn nokon gong før. Så her er det berre å ta til seg av gode nyheiter og takka, lova og prisa Gud for hans dommar, som er eit uttrykk for hans gode avgjerder og for hans frelseshandlingar.

         
v.13. Å telja tårna rundt Sion er å vurdera kor langt Gud er komen med byggjeprosjektet sitt. Tårna er nasjonale kyrkjer. Når evangeliet om riket er forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag, då skal enden koma. Då er alle tårna ferdige. Som aldri før har me sjansen til å følgje med på dette gjennom statistikkar som vert gjevne ut kvart einaste år.
v.14. for å bli i bilete: Gud invitera oss til ikkje berre å ha ein oversikt over kor langt han er komen, men han ber oss om å reisa å besøka nybyggja sine, gå gjennom borgene, og fortelja til barna våre at "slik er vår Gud, han er evig, han byggjer ein heim for oss og han fører oss ut over døden, dvs gjennom si kyrkje formidlar han evig liv til menneske i alle folk og nasjonar, og det har me ikkje berre høyrt om, me har sett det ved sjølvsyn, me har gått gjennom borgene."  








 

Ingen kommentarer: