onsdag 8. januar 2014

Salme 39,1-7

Til korleiaren. For Jedutun. Ein salme av David.
         
   
 2 Eg sa: «Eg vil vakta min veg
          så eg ikkje syndar med tunga,
          eg vil setja munnkorg på meg sjølv
          så lenge lovlause står framfor meg.»
         
   
 3 Eg vart mållaus og still,
          eg tagde til inga nytte.
          Mi smerte vart verre.
         
   
 4 Hjartet brann inni meg,
          elden flamma opp medan eg stønna.
          Eg sa med mi tunge:
         
   
 5 « Herre, lær meg at eg skal døy,
          kor få og tilmålte mine dagar er,
          så eg kan skjøna at mitt liv tek slutt.»
         
   
 6 Sjå, ei handfull levedagar har du gjeve meg,
          mi levetid er som ingenting for deg,
          kvart menneske er eit pust.
         
   
 7 Som skuggebilete går dei omkring.
          Fåfengt uroar dei seg.
          Dei samlar i hop, men veit ikkje kven som skal ha det.


Salme 39 har både klage og visdom i seg.

v.2: David bestemmer seg for å ikkje synda med tunga, og ikkje seia noko som helst så lenge han har omgang med lovlause. Ein lovslaus er ein person som ikkje anerkjenner Guds ords autoritet. Erfaringa er jo ofte at det nyttar lite å snakka med slike om Gud, og dei spottar lett det me aktar høgt og elskar over alt anna.

v.3-4: Men David gjorde same erfaring som Jeremia: Då han tagde, vart Guds ord som ein brann i han. For den som kjenner Gud er det smertefullt å ikkje snakka om han og hans vegar til folk,og særleg til dei som er på veg mot dom og undergang.  

v.5-6: Han vender seg difor mot Gud og ber om å få den erkjenninga at han ein dag skal døy, underforstått slik at han til eikvar tid er klar til å møta Gud, at han alltid har alt i orden med Han og sin neste. I den store samanhengen har alle menneske få levedagar. Åra går så fort forbi oss, og saka er vel den at den tida me har til rådvelde berre er notida, denne ein sekunden. du lever i akkurat no. I neste sekund kan det heile vera over og du står for Guds åsyn. 

v.7: Dei fleste menneske lever for seg sjølv, prøver å berika seg og samla så godt dei kan, ofte fulle av sut for både det eine og det andre. Men til ingen nytte. Ingen overlever. Alle må flytta frå denne jorda før eller seinare, og me kan ingenting ta med oss over på den andre sida. Å leva for å leva betre, er heilt feilslått. Gud inviterer oss  derimot inn i eit liv der han vil sørga for oss berre me vil leva for han og hans rike.  Jesus seier: "Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg." Dersom me er våre eigne gudar, går me fortapt. Let me Gud vera Gud, blir me frelst.

Ingen kommentarer: