mandag 13. mai 2013

Salme 35,10-16

10 Kvart bein i kroppen skal seia:
          « Herre, kven er som du,
          du bergar den hjelpelause
          frå den som er sterkare enn han,
          ein fattig stakkar
          frå den som ranar han.»
         
   
11 Falske vitne reiser seg,
          dei spør meg om slikt eg ikkje veit.
         
   
12 Dei løner godt med vondt,
          eg sit att åleine.
         
   
13 Men eg kledde meg i sekkestrie då dei var sjuke.
          Eg plaga meg med faste
          og bad med hovudet bøygd
         
   
14 som for ein ven eller bror.
          Lik ein som sørgjer over mor si,
          gjekk eg nedbøygd i svarte klede.
         
   
15 Men når eg snåvar,
          blir dei glade og samlar seg.
          Dei samlar seg mot meg for å slå
          utan at eg veit om det,
          dei riv og slit utan stans.
         
   
16 Ugudelege som dei er,
          spottar og håner dei,
          dei skjer tenner mot meg.


v.10. "Kvart bein" illustrerer her det inste av det inste hos salmisten, heile hans konstitusjon. Han er heilt oppslukt av å vitna om Guds godleik, og han gjer det.
Spørsmålet "kven er som du"?  er retorisk. Svaret er sjølvinnlysande. Ingen er som Gud, det er ingen som engasjerer seg i svake og hjelpelause menneske som han.


v.11: Falske vitne er personar som ikkje har sanninga som ideal, men som blir styrt etter ønske om å få felt han/ho dei vitnar mot. 
Dei stiller "vanskelege spørsmål" som salmisten ikkje kan svara på. Slikt kan skje i rettssaker overfor kristne under forfølging, men også i vitnesituasjonar. Kven har vel ikkje opplevd denne type spørsmål når ein skal vitna om Jesus for nokon? Straks kjem den ein vil vinna for Gud opp med eit hav av vanskelege spørsmål. Ein ønskjer ikkje svar, men å skubba Gud bort frå livet sitt. 

v.12: Salmisten har synt fiendane sin godleik, men blir møtt med vondskap tilbake. Dette var Jesu kår i verda, og er, som me har sagt mange gongar, ofte det kår som etterfølgjarane hans må leva under.  Å syna menneska godleik garanterer ikkje mot forfølging. Kvifor er det slik? Fordi forfølging ikkje skriv seg frå menneske, men frå djevelen, denne verdas fyrste. Han let seg ikkje overvinna av det gode. Han styrer ikkje etter etiske og logiske reglar. 

v.13-14: Salmisten hadde verkeleg engasjert seg i uvenene sine, fasta og bedd for dei då dei var sjuke. Difor var denne motstanden så vanskeleg å forstå for han.

v.15-16 skildrar den skadefryd som uvenene kjenner på når det går dårleg for denne salmisten. Skadefryd er den menneskelege synd på sitt mest groteske. At me ikkje bryr oss om dei lidande er ein ting, men me har nådd botn på den moralske stigen når me gleder oss over andres naud. 

Gud elskar fellesskap bygd på kjærleik og solidaritet. Men det finst også eit djevelsk fellesskap. Det finn me når folk slår seg saman for å nedkjempa ein felles fiende. Fellesskap i opprør, kan me kalla det. Det kan aldri bestå. Når ein har nådd sitt mål, begynner folk å nedkjempa kvarandre. 

I den vestlege delen av verda ser me i vår tid at media spelar ein vesentleg rolle når det gjeld å samla folk i hylekor mot enkeltpersonar. I slike prosessar vekkest rovlysta i folk. Ein jaktar på eit offer, og dei det gjeld vert spotta rundt alle bord. Det fører nokre av dei inn i døden. Når objektiv sanning vert kopla saman med spekulasjonar, er det ingen nåde å spora hos folk.



 

Ingen kommentarer: