torsdag 11. april 2013

Salme 34,16-23

 16 ע Herrens auge følgjer dei rettferdige,
          hans øyre høyrer deira rop.
         
   
 17 פ Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde,
          han skal utrydda minnet om dei frå jorda.
         
   
 18 צ Dei rettferdige ropar, og Herren høyrer,
          han bergar dei ut or alle trengsler.
         
   
 19 ק Herren er nær hos dei som har eit sundbrote hjarte,
          han frelser dei som har ei knust ånd.
         
   
 20 ר Mange ulukker rammar den rettferdige,
          men Herren friar han ut av dei alle.
         
   
 21 ש Han tek vare på kvart bein i hans kropp,
          ikkje eitt av dei skal brytast.
         
   
 22 ת Ulukke drep den lovlause,
          dei som hatar den rettferdige, blir straffa.
         
   
 23 Men Herren bergar livet til sine tenarar,
          ingen som søkjer tilflukt hos han, blir straffa.


v.16 er trøystefull tale. Dei rettferdige er dei som stolar på Gud og som held hans bod. Slike menneske blir rekna rettferdige pga trua, og dei har fått den Ande som gjer at dei lever rettferdig, dvs etter kjærleikens lover. Desse menneska har Guds gode auga kvilande på seg. Han slepper dei aldri av syne, og lyttar ekstra nøye til bønene deira. Kvart truande menneske som strekker seg etter å leva etter Guds ords standard kan trygt rekna med at denne lovnaden gjeld han/henne.  Jakob skriv: Ein rettferdig manns bøn har stor verkekraft. Dette er også tema for vers 18. 

v.17: Dei som gjer det vonde har Gud som motstandar. Dei skal ikkje hugsast. Det siste gjeld for den komande verda. Då skal minna etter dei vonde viskast bort for alltid. 

v.19 er fullt av trøyst for den knuste kristne. Kven er det? Den som er råka av sorg over eigne eller andre sine synder, den som blir forfølgt for trua si, torturert og fengsla for Jesu sak, den som er blitt sviken og forlaten av ektefellen, den som har fått ein stygg diagnose, den som har opplevd dødsfall i nær familie, den som har mista jobben og det økonomiske grunnlaget, det kan vera så mangt. I slike situasjonar opplever folk Gud langt borte. MEN DÅ ER HAN NÆRARE ENN NOKON GONG. Det er bodskapen i dette verset. Dette føler me ikkje, det må gripast i tru. Då vil etter kvart kjenslene spela på lag. Guds frelse er her i vid meining, det handlar om attreising av heile menneske. Frelsa gjeld ikkje berre det neste livet, men også det livet me lever her. Gud frelser oss ikkje berre frå synd, men også frå mangt anna som vil riva oss ned og gjera oss ulukkelege. Og hugs: Frelse tek me imot i tru og med takk. 

v.20 er ein variant av vers 19. Men her blir det poengtert at for den truande kristne er ikkje ulukker ein sjeldan sak. Dei er mange, les me. Det må du vita som opplever det uforståelege. Kvifor skjer dette med meg? Kvifor vernar ikkje Gud meg mot slikt? Det er fordi du er i hans skule, og du skal vita at så mange som ulukkene er, så mange er Guds frelsesgjerningar, og kvar gong eit menneske erfarer Guds trufaste inngrep, blir ein litt betre kjent med han og elskar han litt meir enn før. 

v.21 syner oss at denne salma strengt tatt handlar om Jesu liding. Ingen bein vart brotne hos han, det poengterer evangelisten Johannes som ei oppfylling av dette ordet. 

v.22 lærer oss at den lovlause vert drepen av den ulukka som råkar, medan den rettferdige vert fria ut. Den lovlause er den som ikkje anerkjenner Guds lover som gyldige for livet sitt. Den som opponerer mot Gud formar sin eigen undergang, like eins dei som hatar og forfølgjer rettferdige. Dei blir råka av Guds strenge dom.

v.23 er eit herleg evangelium. Først vert lovnaden om utfriing teken opp att. Dernest vert det poengtert at den som søkjjer tilflukt hos Gud, dvs vel å stola på han og ordet hans, ikkje skal lida straff, men bli frikjent i domen. Og dette er hjarta i den kristne trua. Me får det som Jesus hadde fortent, og han fekk det som me hadde fortent. Han vart handsama som om han var oss, og me vert handsama som om me er han. Så stor kraft og betydning har trua. 

Ingen kommentarer: