mandag 2. august 2010

Salme 76

v.1 "Gud er kjent i Juda, hans namn er stort i Israel!" Guds folk er eit folk som kjenner Gud, som prisar namnet hans og gjer det stort (dvs. berømt) i verda. Vårt kall som kristne er å kjenna Gud, og reklamera for han etter beste evne. Det handlar om trua sitt indre og ytre liv.

v.2. Salem er det same som Jerusalem, og tyder fred. Der er hans tabernakel, dvs hans bustad. Poenget er: Gud bur der hans fred har gjort sitt inntog. Der har han sitt tabernakel. Der er Sion.

v.3. Der Gud bur, er krigen avlyst. I lys av NT må me tenkja slik: Menneske er i sitt vesen fientleg innstilt til Gud, og kjempar mot han når han krev overgjeving. Men når menneske kapituelerer og legg ned alle våpen mot Gud, flyttar Gud inn til menneske med sin fred og sitt velsigna nærvær.

v.4 Gud har større verdi enn fjell av materielle goder. Det er klokskap å velja Gud framfor denne verda.

v.5-6. Slik må det vera for ein dag skal både menneske og dyr døy, og då gagnar rikdom ingenting. Den einaste rikdomen som er evig, er Gud sjølv.

v.7-9 Gud er verdas domar. Han har det siste ord i kvart menneskes liv. Difor må me syna han vørdnad, og heilt og fullt inretta oss etter hans ord og vilje, som forresten uttrykker rein og ubesmitta godleik. Lever me i ulydnad, kan me ikkje stå oss i domen. Me blir råka av Guds vreide over det vonde som me ikkje ville gje frå oss.

Guds dom har to siktemål: Han skal døma og straffa dei vonde, og setja fri dei som har vore undertrykte av dei vonde.

v. 10 skildrar Guds suverenitet: Han gjer motstandarane sin harme om til lovsong. Korleis skjer det? Me ser det i dag i Guds kyrkje. Når kristne vert utsett for forfølging og undertrykking, blir dei gjerne meir avgjorte, overgjevne og inderlege i sitt liv med Gud.

Gud elskar denne lovsongen. Han omgjev seg med han, badar seg i han og har si glede i han.

v.11 Her vert me oppfordra til å gje Herren lovnader og halda dei. I dette tilfelle går det på økonomi. Som kristne skal me innretta heile økonomien vår etter Guds vilje, og då handlar det om å sørgja for hans rike først. Jesus seier: "Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg."

v.12 Kongane på jorda har ein tendens til å yta Gud motstand, og syner uvilje til å styra nasjonane etter Guds gode ord. I våre dagar vert Gud totalt neglisjert. Men Gud er i stand til å bøya og audmjuka dei, og då veit me kva me skal be om for dei som har makt i mellom oss.

Ingen kommentarer: