torsdag 6. november 2008

Salme 2,4-6

v.4: Herren ler av motstandarane sine. Å yta himmelens Gud motstand er latterleg. Det kan samanliknast med ein maur som stiller seg opp på eit jernbanespor for å stoppa toget. Det er berre dumt.
v.5 Så talar Gud i vreide og brennande harme. Vårt aller største problem er at Gud reagerer med vreide på synd. Han påtalar og pådømmer synd og syndarar, og særleg sjølvhevding som er framme i denne salma. Og domen for synd er evig fortaping og død, ikkje noko mindre. Gud let seg ikkje spotta, og han let ikkje den vera ustraffa som spottar han.
v. 6: Men vårt fremste von ligg likevel i at Gud talar i sin vreide. Han let vreiden sin få utløp gjennom forkynninga av ordet slik at det råkar menneska i samvitet. Kva talar han om då? Om Messias. Han seier til alle sjølvhevdande menneske: "Det er min Messias som er konge, det er han som har råderett, han har fått all makt i himmel og på jord og han styrer med guddommeleg mandat." Når me som Herrens tenarar forkynner evangeliet om Jesus, er ikkje det primært for å koma menneska og deira behov for frelse i møte, men for å attreisa Guds og vår Herre Jesu Kristi ære mellom menneska. Dette er eit perspektiv som er langt framme i Bibelen, men sterkt tilbaketrengt i forkynninga. Men det må fram, for det er dette som gjev forkynninga tyngde og legitimitet. Menneska vender om og tek imot forlating for syndene, ikkje for å få det godt, men for at Gud skal få sin rett og Jesus den ære som han åleine skal ha.

Ingen kommentarer: