torsdag 30. oktober 2008

Salme 1,1-2

Salmane er truande sin kjæraste lesnad. Her møtest det guddommelege og det menneskelege på ein måte som ingen stad elles i skriftene. Salmistane løfter oss opp på dei høgste utsiktspunkt. I neste no deler dei med oss den svartaste fortviling.

Salmane er delt inn i 5 samlingar som alle vert avslutta med ei lovprisning, ein doksologi.
1. samling: Salme 1-42
2. samling: Salme 43-72
3. samling: Salme 73-89
4. samling: Salme 90-106
5. samling: Salme 107-150

Salme 1 må me oppfatta som ei overskrift for heile boka. Salme 150 som ein avsluttande doksologi for heile boka.

Salme 1
v.1 viser oss vegen til eit lukkeleg liv. Alle menneske jaktar på lukke. Slik har det vore til alle tider. Det er ein del av vårt menneskelege varemerke. Me vil ikkje berre vera mette og varme, me vil også vera lukkelege. Skal eit menneske oppnå lukke, må det for det første vera i godt selskap. Me er lett påverkelege. Difor må du velja deg vener som har god innflyting på livet ditt, dvs positive personar som elskar Gud og sin neste. Så må du studera Guds ord, læra det utanåt og grunda (meditera) på det, dvs. tenkja på det under bøn til Gud om at det skal opna seg. Å ha si glede i Herrens lov inneber sjølvsagt at ein har si glede i å følgja denne lova. Det kan ikkje noko menneske av seg sjølv. Det er Den Heilage Ande som fyller oss med kjærleik til Guds bod slik at me med glede gjer det Gud vil. Kva vil så Gud? At me elskar og stolar på han framfor alle andre. At me i alle ting representerer han og ikkje oss sjølve. At me elskar kvarandre som oss sjølve. At me viser styresmaktene respekt og lydnad. At me stør leiarane våre. At me lever i seksuell reinleik. At me gjev til dei fattige. At me investerer i misjon. At me er ærlege. At me ikkje flørtar med andre sin ektemake. At me tek godt vare på familiane våre. At me vernar vår neste og hans eigedom. At me forkynner evangeliet for fortapte. At me vernar vår nestes liv, for å nemna noko. Konklusjon: lukkeleg er den som har eit rett og godt høve til Gud og sin neste. Det altså eit spørsmål om tru og moral.

Ingen kommentarer: